Hjem
Click

Utdanning

Laveregradsemne

Fordjuping i Midtaustens historie

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeHIM201
  • Talet på semester1
  • SpråkNormalt undervises emnet på norsk.
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningssemester

Haust og vår (såframt ressursane tillet det)

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet tek sikte på å gi studentane fordjuping i eit historisk tema i frå Midtaustens historie. Temaet, som vil variere frå semester til semester, skal vere ei tematisk og kronologisk avgrensa studieeining som inkluderer historisk teori og metode. Det blir kunngjort kva for tema det blir gjeve undervisning i.

Gjeldende tema for våren 2017:

Første verdskrig og skapinga av Midtausten

Trykk her for informasjon om temaet som er gjeldande sette semesteret

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Ved fullført emne skal studenten ha djupare historisk innsikt gjennom eit meir inngåande studium av eit avgrensa tema. Studenten skal kjenne til sentrale metodar og metodespørsmål knytt til historisk forsking.

Ferdigheiter:

Studenten skal vise evne til sjølvstendig drøfting av historiske problemstillingar og framstillingar innan det aktuelle temaet, og å trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette.

Generell kompetanse:

Studenten skal vise evne til kritisk tenking og problematisering av tematikk, teori og metode. Studenten skal ha erfaring med å analysere komplekse fenomen og å formidle historisk innsikt.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk er ein føresetnad.

Tilrådd startgrunnlag er HIM101.

Krav til studierett

Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen. Emnet er ope for personar utan studierett, etter søknad til Det humanistiske fakultet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga skjer i form av førelesingar (normalt om lag 12 førelesningar). Undervisnings- og tematilbodet vil vere avhengig av lærarressursane som til kvar tid er tilgjengelege

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

6-timars skriftleg skuleeksamen.

Studenten kan berre gå opp til eksamen i eit tema det har vore gitt undervisning i same/inneværende semester, eller det fyrste påfylgjande semesteret, dersom eksamen tas i undervisningsfritt semester.

Det vert normalt også arrangert eksamen i semester utan undervisningstilbod.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Høst og vår

Litteraturliste

Instituttet utarbeider pensumlister, pensum er om lag 1400 sider.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert jamleg.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no