Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Det blir normalt undervist i dette emnet kvart vårsemester.Det blir ikkje undervist i emnet våren 2011 |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Normalt undervises emnet på norsk.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Kunnskapar
Studentane skal ha oversyn over kvinne- og kjønnshistorie gjennom å studera skiftande tilhøve mellom kjønn og samfunn gjennom tidene. Dei skal kjenne til sentrale forklaringar på den historiske utviklinga og dei vanlegaste teoriane omkring tilhøva mellom kjøna.
Ferdigheiter
Studenten skal vise evne til kritisk drøfting av historiske problemstillingar i eit kjønnsperspektiv og kunne trekke eigne konklusjonar ut av eit historisk materiale.
Generell kompetanse
Studenten skal visa evne til å setja seg inn i ein omfattande faglitteratur, til å formidla kunnskapar og synspunkt derifrå, og til å argumentera for eigne konklusjonar i skriftleg arbeid.
Kontaktinformasjon
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap.
studierettleiar@ahkr.uib.no
Undervisningssemester
Det blir normalt undervist i dette emnet kvart vårsemester.
Det blir ikkje undervist i emnet våren 2011
Undervisningsspråk
Normalt undervises emnet på norsk.
Studienivå
Bachelornivå
Institutt
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap.
Krav til studierett
Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Mål og innhald
Emnet drar opp lange linjer i norsk og europeisk historie frå antikken til våre dagar med vekt på kjønnsperspektivet. Innafor kvar av dei store historiske periodane vert det spurt etter kva kontinuitet og endring i kjønnsarbeidsdeling og i tilhøve som gjeld makt og avhengigskap mellom kvinner og menn har hatt å seia både for dagleglivet og for dei store økonomiske, sosiale og politiske prosessane i samfunnet. Tilsvarande vert det spurt etter korleis utvikling og endring i samfunna har verka inn på levekår og handlingsrom for dei to kjønna gjennom tidene. Det inngår i emnet å få ei viss innsikt i kjønnshistorias teori og forskingshistorie.
Emnet inngår i Bachelorprogrammet for kvinne- og kjønnsstudier. Emnet kan også studerast uavhengig av dette studieprogrammet. Emnet kan inngå i ein spesialisering i historie.
Læringsutbyte/resultat
Kunnskapar
Studentane skal ha oversyn over kvinne- og kjønnshistorie gjennom å studera skiftande tilhøve mellom kjønn og samfunn gjennom tidene. Dei skal kjenne til sentrale forklaringar på den historiske utviklinga og dei vanlegaste teoriane omkring tilhøva mellom kjøna.
Ferdigheiter
Studenten skal vise evne til kritisk drøfting av historiske problemstillingar i eit kjønnsperspektiv og kunne trekke eigne konklusjonar ut av eit historisk materiale.
Generell kompetanse
Studenten skal visa evne til å setja seg inn i ein omfattande faglitteratur, til å formidla kunnskapar og synspunkt derifrå, og til å argumentera for eigne konklusjonar i skriftleg arbeid.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Gode kunnskapar i engelsk er viktig.
Undervisning og omfang
Undervisninga blir gitt i form av førelesingar (normalt 12 førelesningar).
Obligatoriske arbeidskrav
Ingen
Vurderingsformer
6-timars skriftleg skuleeksamen.
Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Studieadministrativ avdeling .
Det vert avvikla eksamen i undervisningsfritt semester (haustsemesteret).
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Instituttet utarbeider pensumlister, pensum er omlag 1200 sider.
Undervisningssted
Institutt for arkeologi, historie og kultur- og religionsvitenskap, Universitetet i Bergen.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert jamleg.
Kontaktinformasjon
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap.
studierettleiar@ahkr.uib.no