Fordjuping i eldre historie

Fakta om studiet

EmnekodeHIS113
Studiepoeng15
UndervisingssemesterHøst
Antall semester1
Undervisingsspråk
Normalt undervises emnet på norsk.
Ressursar
TilhørerInstitutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap.

studierettleiar@ahkr.uib.no/

Mål og innhald

Emnet tek sikte på å gi studentane fordjuping i aktuelle historiske tema i tida frå antikken og fram til ca. 1750. Instituttet tilbyr normalt undervisning i eitt eller fleire tema, avhengig av ressursar, og studentane vel eitt tema (per emne). Fordjupingstema kan skifta, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og aktuell forsking. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd, i god tid før undervisningssemesteret.

Emnet kan inngå i ei spesialisering i historie.

Mål og innhald

Emnet tek sikte på å gi studentane fordjuping i aktuelle historiske tema i tida frå antikken og fram til ca. 1750. Instituttet tilbyr normalt undervisning i eitt eller fleire tema, avhengig av ressursar, og studentane vel eitt tema (per emne). Temaene kan skifta, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og aktuell forsking.

Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd, i god tid før undervisningssemesteret.

Trykk her for informasjon om tema som er gjeldande dette semesteret

Emnet kan inngå i ei spesialisering i historie.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga består av tolv førelesingar samt skriftleg rettleiing på oppgåver, jf. avsnitt vurderingsformer. I tillegg er det tilrettelagt for studentstyrte kollokvier.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Undervisningssemester

Haust (emnet blir tilbydd kvar haust, såframt ressursane tillet det)

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Krav til studierett

Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsstad

Bergen

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Ved fullført emne skal studenten ha gode kunnskapar om og kjenne til sentrale teoriar og debattar innan det valde temaet. Studenten skal også kjenne til sentrale metodar og metodespørsmål knytt til historisk forsking.

Ferdigheiter:

Studenten skal vise evne til å drøfte historiske problemstillingar innan temaet, samt kritisk vurdere historiske framstillingar i forskingslitteraturen og i studentarbeid. Vidare skal studenten demonstrere ferdigheiter i å analysere historiske data formidla gjennom kjelder og litteratur, og evne å trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette formidla i fleire skriftlege arbeid.

Generell kompetanse:

Dei skriftlege arbeida skal vise evne til å argumentere og dokumentere akademisk. Gjennom å få og gi skriftlege tilbakemeldingar til medstudentar skal studenten demonstrere kompetanse i fagleg kommunikasjon.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk er viktig.

Læremiddelomtale

Instituttet utarbeider pensumlister, pensum er omlag 1200 sider.

Vurderingsformer

Vurderinga består av to deler: ei mappevurdering og skriftleg skoleeksamen.

Mappa består av tre arbeid, der arbeida normalt består av skriftlege oppgåver på 1500-2000 ord og skriftleg kommentarar til medstudentar sine oppgåver. Dei tre arbeida er av følgjande art, omfang og rekkjefølgje:

1. Arbeid: Rettleidd oppgåve innlevert i to versjonar, versjon 1 og revidert versjon etter skriftleg tilbakemelding og studentkommentar. Kommentering av oppgåver til medstudentar. Rettleiinga består av skriftleg kommentar til versjon 1 av oppgåva.

2. Arbeid: Rettleidd oppgåve innlevert i to versjonar, versjon 1 og revidert versjon etter skriftleg tilbakemelding og studentkommentar. Kommentering av oppgåver til medstudentar. Rettleiinga består av skriftleg kommentar til versjon 1 av oppgåva.

3. Arbeid: Ikkje-rettleidd oppgåve i ein versjon. Kort skriftleg tilbakemelding og ingen studentkommentering.

Studenten har høve til å levera inn reviderte versjonar av oppgåvene i dei to første arbeida. Det er ikkje høve til å revidere arbeid 3 etter innlevering. Oppgåvene skal ha tilvisingar til kjelder og litteratur og liste over den litteraturen som er nytta.

Innleveringsfristar for dei enkelte arbeida blir kunngjort på Mi side ved semesterstart.

Den skriftlege skuleeksamen er på to timar.

Det vert nytta ein gradert karakterskala frå A til F. Dei tre arbeida i mappa har lik vekt ved karaktersetting. Mappa tel 75 prosent, og den 2-timars skuleeksamen tel 25 prosent av den samla karakteren.

Eksamensmappa må takast i eit undervisningssemester. Den skriftlege skuleeksamen bør takast i undervisningssemesteret, men studenten har høve til å ta den skriftlege skuleeksamen i det påfølgjande semesteret føreset av at mappeeksamen er bestått.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert jamleg.

Institutt

Institutt for arkeologi, historie og kultur- og religionsvitenskap, Universitetet i Bergen.