Det antikke Hellas' historie

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

HIS131 vert ikkje tilbode våren 2024.

Kunnskap om Hellas i antikken er ein inngangsport til forståing av seinare europeisk historie så vel som kultur. Emnet tilbyr studentane eit første møte med tidleg gresk historie- frå bronsealder til bysantinsk tid- gjennom undervisning i tilknyting til sentrale historiske stadar og minnesmerker i Aten. Studentane vil bli kjent med byen og området i antikken og få innsikt i korleis historia vart forma av naturlege og menneskeskapte omgjevnader.

Trykk her for meir informasjon om temaet og forelesningsoversikt for emnet

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskapar om det antikke Hellas si sosiale, økonomiske, politiske og kulturelle historie
  • har kjennskap til sentrale historiske stadar og minnesmerker i Aten frå arkaisk, klassisk, hellenistisk, romersk og bysantinsk tid.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan forklare historiske samanhengar skrifteleg og munnleg
  • kan gjøre reie for sentrale hendingar i Hellas¿ antikke historie
  • kan gjøre reie viktige trekk ved tidleg gresk samfunnsstruktur

Generell kompetanse

Studenten

  • kan legge frem eit faglig innlegg framfør medstudentar og lærarar
  • kan gi ei skriftleg framstilling av eit fagleg problem.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningssemester

Vår (emnet blir tilbydd kvar vår, om ressursane tillèt det). Maksimum 18 studentar. Dersom mindre enn 10 er meldt opp blir det ikkje undervist i emnet.

Undervisningsstad

Det Norske Institutt i Aten (2 veker i mars eller april)
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Gode kunnskapar i engelsk
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen, samt hospitantar. Les om søknad om hospitantstatus ">herSøknadsfirst for å bli hospitant er 1. desember.

Det er 18 plassar på emnet, og frist for undervisningsmelding til emnet er 25. januar. Dersom der er fleire studentar enn plassar, vert opptak gjennomført ved loddtrekking.

Dersom færre enn 10 studentar melder seg til emnet, vert emnet avlyst.

Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert given under eit to vekers opphald i Aten, i form av forelesingar, seminar og innlegg ved aktuelle monument og museum. Opphaldet finn stad i mars eller april. Nøyaktige datoar blir oppgjeven i god tid på førehand.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen, må studenten ha fått godkjent desse obligatoriske aktivitetane:

  • Gjennomføring av 2 flervalsprøver på nett før opphaldet i Athen
  • Deltaking på minst 90% av undervisinga, både førelesingar på instituttet og undervising utandørs (arkeologiske parker, monument, museum, m.v.)
  • Ei munnleg presentasjon (ca. 5-10 min) knyta til eit monument som blir besøkt under opphaldet i Athen
Vurderingsformer
  • Semesteroppgåve, 1500-2000 ord.
  • Karakterskala
    Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F
    Vurderingssemester

    Vår

    Det vert også arrangert eksamen i semester utan undervisingstilbod (haust). Denne eksamen er berre open for studentar som har godkjende obligatoriske arbeidskrav i emnet.

    Litteraturliste

    Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

    Instituttet utarbeider pensumlister, pensum er omlag 800 sider. Mestparten av pensum er på engelsk.

    Emneevaluering
    Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
    Programansvarleg
    Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
    Administrativt ansvarleg

    Studierettleiar kan kontaktast her:studierettleiar@ahkr.uib.no

    studierettleiar@ahkr.uib.no

    Tlf 555 82300