Bacheloroppgåve i historie
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Vår og haust |
| Fagleg overlapp | Det kan ikkje vere pensumoverlapping mellom tema for bacheloroppgåva og eit tema du har teke som fordjuping på 100- eller 200-nivå. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Normalt undervises emnet på norsk.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Kunnskapar:
Ved fullført emne skal studenten ha gode kunnskapar om og kjenne til historiografi og sentrale teoriar innan tematikken til bacheloroppgåva.
Ferdigheiter:
Studenten vise sjølvstendig evne til å utvikle, avgrense og formulere fruktbare historiske problemstillingar innan temaet. Studenten skal demonstrere ferdigheiter i å kartlegge kva forskingslitteratur og eventuelt kjelder som er relevant for problemstillinga. Vidare skal studenten demonstrere ferdigheiter i å analysere forskingslitteratur/kjelder, posisjonere forskingslitteraturen historiografisk og evne å trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette formidla i skriftleg arbeid.
Generell kompetanse:
Studenten skal ha grunnleggande kompetanse i å utvikle og gjennomføre eit lengre sjølvstendig skriftleg arbeid. Ved å få og gi skriftlege tilbakemeldingar til medstudentar skal studenten demonstrere kompetanse i fagleg kommunikasjon. Gjennom bacheloroppågva skal studentane vise sjølvstendig evne til å resonnere, syntetisere og dokumentere i faglege framstillingar.
Kontaktinformasjon
studierettleiar@ahkr.uib.no
Undervisningssemester
Vår og haust
Undervisningsspråk
Normalt undervises emnet på norsk.
Studienivå
Bachelornivå
Institutt
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
NB. Det er begrenset kapasitet på de ulike temaene i HIS250. Alle som skal ta HIS250 våren 2012, må derfor søke om plass på emne og tema. Du søker via Studentweb. Søknad registreres på Studentweb i perioden 12.desember 2011-11. januar 2012. I søknaden må du sette opp tre prioriterte ønsker om tema.
Dersom et tema har flere søkere enn plasser, vil følgende søkergrupper prioriteres:
1. Studenter som tar spesialisering i historie, og som avslutter graden våren 2012.
2. Studenter som har avlagt 60 studiepoeng i historie, inkludert emnene HIS101 og HIS102.
Dersom temaet og/eller emnet blir fullt, vil opptak skje ved loddtrekning innenfor hver prioriteringsgruppe.
Dersom det er ledige plasser på tema etter opptaket, blir disse åpnet for direkte påmelding via Studentweb.
Mål og innhald
Emnet er obligatorisk i en spesialisering i historie. Emnet skal gi studentane djupare innsikt i historisk metode og i historiske problemstillingar gjennom sjølvstendig arbeid med ei historisk oppgåve, bacheloroppgåva. Instituttet tilbyr kvart semester undervisning i fleire tema, og studentane vel eitt av dei. Studiet omfattar heile perioden, frå antikken og fram til i dag. I haustsemester vil det vere tilbod i tida før ca. 1750 og i vårsemester vil det vere tilbod i nyare historie, tida etter ca. 1750. Fordjupingstema kan skifta, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og aktuell forsking. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd i god tid før kvart semester.
Læringsutbyte/resultat
Kunnskapar:
Ved fullført emne skal studenten ha gode kunnskapar om og kjenne til historiografi og sentrale teoriar innan tematikken til bacheloroppgåva.
Ferdigheiter:
Studenten vise sjølvstendig evne til å utvikle, avgrense og formulere fruktbare historiske problemstillingar innan temaet. Studenten skal demonstrere ferdigheiter i å kartlegge kva forskingslitteratur og eventuelt kjelder som er relevant for problemstillinga. Vidare skal studenten demonstrere ferdigheiter i å analysere forskingslitteratur/kjelder, posisjonere forskingslitteraturen historiografisk og evne å trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette formidla i skriftleg arbeid.
Generell kompetanse:
Studenten skal ha grunnleggande kompetanse i å utvikle og gjennomføre eit lengre sjølvstendig skriftleg arbeid. Ved å få og gi skriftlege tilbakemeldingar til medstudentar skal studenten demonstrere kompetanse i fagleg kommunikasjon. Gjennom bacheloroppågva skal studentane vise sjølvstendig evne til å resonnere, syntetisere og dokumentere i faglege framstillingar.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Gode kunnskapar i engelsk er viktig.
Det er tilrådd at studenten har begge oversiktsemna, HIS101 og HIS102, og to fordjupingsemne på 100-nivå før ein skriv bacheloroppgåva.
Fagleg overlapp
Det kan ikkje vere pensumoverlapping mellom tema for bacheloroppgåva og eit tema du har teke som fordjuping på 100- eller 200-nivå.
Undervisning og omfang
Studentane kan velja mellom fleire tema. Undervisninga skjer gjennom førelesingar, seminarverksemd og individuell rettleiing. Studentane sitt arbeid med emnet er konsentrert om utarbeiding av ei større oppgåve, og kommentering av andre studentar sine oppgåver. Instituttet fastset kva oppgåver som skal kommenterast, og når kommentarane skal vera innkomne.
Som førebuing til skrivinga av bacheloroppgåva vil det kvart semester normalt bli arrangert eit kurs i praktisk metode. Studentane får tildelt rettleiar. Rettleiinga skjer etter instituttet sine retningslinjer.
Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på om lag 5000 ord og må ikkje overskrida 6000 ord. Framstillinga skal vera dokumentert med tilvisingar til litteratur og eventuelle kjelder, og ha ei liste over kjelder og litteratur som er nytta i oppgåvesvaret.
Obligatoriske arbeidskrav
Ingen
Vurderingsformer
Eksamen har tre komponentar:
1. Studenten skal levera ei bacheloroppgåve i tre versjonar til fastsette tidspunkt:
a. Den første versjonen som skal innehalde skisse av temaet, førebels disposisjon og utgreiing om relevant litteratur, er basis for diskusjon mellom lærar og studentar.
b. Den andre versjonen er ei ferdig utforma oppgåve som vil verta diskutert og kommentert av lærar og studentar.
c. Den tredje og endelege versjonen.
Alle dei tre versjonane må vere godkjente for å kunna avleggja eksamen. Ved fastsetjing av karakteren tel tredje versjon.
2. Skriftlege kommentarar til andre studentar sine oppgåver. Det blir lagt vekt på konstruktiv kritikk og fagleg gode og sjølvstendige kommentarar.
3. Studentane skal framstille seg til ei munnleg prøve.
Studenten må bestå alle tre komponentane. Det blir nytta ein gradert karakterskala frå A til F for samla karakter for bacheloroppgåva og kommentardelen. Den munnlege prøva justerer karakteren på bacheloroppgåva, som maksimalt kan endrast med ein bokstavkarakter.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Studentane skal leggja opp eit pensum på ca. 1200 sider. Rettleiar skal godkjenna pensumlista
Undervisningssted
Bergen.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert jamleg.
Kontaktinformasjon
studierettleiar@ahkr.uib.no