Molecular and Cellular Methods in Immunology
Phd-kurset er knyttet til
| Undervisingsperiode | Vår. |
| Studiepoeng | 10 |
| Kven kan delta | PhD kandidater. |
| Undervisingsstad | Gades institutt, Laboratoriebygget, 5 etasje. |
Undervisingsspråk
Engelsk.
Kursinnhald
Mål: Studentane skal bli kjent med generelle immunologiske metodar gjennom praktisk laboratoriearbeid. Kurset er sett saman av ein teoretisk og ein praktisk del, der den praktiske delen skal gje studentane eit godt utgangspunkt for å forstå metodar nytta i artiklar frå den teoretiske delen av kurset. I tillegg vil det vere teoretiske introduksjonar til øvingar i laboratoriet.
Innhald:
Teoretisk del:
- Kursleiarar vil gje teoretisk introduksjon til ulike metodar som vert nytta i immunologi
- Studentleia kollokvium: Studentane skal legge fram 1-2 artiklar, og artikkelens føremål og metode skal diskuterast i gruppa.
Praktisk del:
- Molaritetsutrekningar og tillaging av buffer
- Isolering av leukocyttar frå blod ved hjelp av tettleiksgradient-sentrifugering. Isolering og kultivering av monocyttar (celledyrking) og utvikling til makrofagar
- Western blot-analyse av signalomforming med aktiverte celler
- ELISA, kvantifisering av cytokinproduksjon i immunceller
- Immunfarging, visualisering med fluorokrommerka sekundære antistoff
- Kvantifisering av utgangsmaterial ved hjelp av PCR, samanlikning av standard PCR med sanntid PCR
Læringsutbyte
Kunnskapar
Deltakarne skal ved kursslutt kjenne til de vanlegaste teknikkane i immunologi og forstå føremålet med og den teoretiske bakgrunnen for desse teknikkane.
Ferdigheiter
Deltakarne skal ved kursslutt vere i stand til å planlegge og gjennomføre dei vanlegaste teknikkane i immunologi.
Generell kompetanse
Deltakarne skal ved kursslutt vere i stand til å nytte kunnskapene og ferdigheitane for vidare verksemd innen forskning.
Krav til forkunnskapar
Kjennskap til celle- og molekylærbiologi. Erfaring med basale laboratorieteknikkar som pipettering og sentrifugering. Studentar som har tatt faget Human Immunbiologi (HUIMM903/HUIMM303) vil verte prioritert.
Tilrådde forkunnskapar
Kjennskap til celle- og molekylærbiologi. Erfaring med basale laboratorieteknikkar som pipettering og sentrifugering. Studentar som har tatt faget Human Immunbiologi (HUIMM903/HUIMM303) vil verte prioritert.
Inngår i opplæringsdel
PhD.
Vurderingsform
Munnleg presentasjon av fastsette artiklar og skriftleg laboratorierapport (inndelt i introduksjon, materiell og metodar, resultat, diskusjon). Begge skal godkjennast av kursleiar.
Program
Artiklar, lærebok
Teoretisk introduksjon til laboratoriet (1.5 timer)
10 dagar i laboratoriet (60 timer) og
6 kollokvium (9 timer)
Kontaktinformasjon
Silke Appel. Tlf: 55974633. E-post: silke.appel@gades.uib.no
Fagleg ansvar
Bergen Research School in Inflammation, Broegelmanns Forskingslaboratorium, Gades institutt.
Innleiarar
Silke Appel, andre.
Kjernelitteratur
Etter avtale.