Innføring i den europeiske idèhistorie
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Vår |
| Fagleg overlapp | IDH111 erstattar IDH101. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Læringsutbyte
Kunnskapar: Etter fullført emne skal studenten ha
- eit generelt oversyn over sentrale fasar i den europeiske idéhistoria med særleg vekt på overgangsperiodane
- eit generelt oversyn over dei viktigaste tankane, teoriane og haldningane som har påverka det vestlige synet på mennesket gjennom den europeiske historia
- lese tekst i historiske, sosiale og kulturelle kontekster der ein gitt idé blir utvikla
- innsikt i samanhengen mellom intellektuelle problem og historiske hendingar
- god kjennskap til utvalde originaltekstar
Ferdigheiter: Etter fullført emne skal studenten vere i stand til å
- kjenne att og kritisk vurdere dei filosofiske, religiøse, politiske og litterære hovudposisjonane, idéane og haldningane som blir tatt opp i faglitteratur og i meir allmenne samanhengar der det er relevant
- formidle trekk av desse idéhistoriske hovudretningane i faglege så vel som meir allmenne samanhengar
- reflektere over samanhengen mellom kultur, religion, naturvitskap og samfunnstilhøve i faglege så vel som i meir allmenne problemstillingar
- reflektere over fordeler og ulemper ved toleranse, tankefridom og individ som verdiar og idéar i faglege samanhengar, men óg i samband med meir konkrete problemstillingar knytte til samtidige sosiale tilhøve
Kompetanse: Etter fullført emne skal studenten
- på sjølvstendig grunnlag kunne finne fram til og setje seg inn i sentral litteratur innanfor idéhistoria, samt å formidle kunnskap om denne litteraturen og dei perspektiva den tar opp til eit fagleg så vel som eit allment publikum
- kunne vurdere relevansen av og nytte omgrep, argument og metodar frå dei hovudretningane og dei kulturelle filosofiske, religiøse, politiske og litterære debattane som blir tatt opp i emnet, både i faglege og meir allmenne samanhengar
- kjenne att og kritisk vurdere argumentasjonsmåtar i faglege og meir allmenne tekstar basert på dei innsiktene emnet formidlar
Kontaktinformasjon
studierettleiar@fof.uib.no
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Mål og innhald
Emnet skal gje studentane eit oversyn over viktige periodar i den europeiske idéhistoria der det skjer endringar som får stor verknad på det vi kan kalle vår vestlege kultur, og dekker perioden frå antikken og fram til 1900-talet. Emnet gjev ei innføring i dei historiske føresetnadene for dei idéar, verdiar, oppfatningar og haldingar som kjenneteiknar vårt vestlege syn på mennesket. Det blir lagt særleg vekt på idéar om mennesket, toleranse, tankefridom og individ. Emnet gjev eit oversyn over utviklinga i og endringar av synet på kva eit menneske er i overgangen frå antikken til mellomalderen, frå renessansen til opplysingstida og vidare i overgangen frå opplysingstida til romantikken og positivismen.
Studentane skal arbeide med eit utval av filosofiske, religiøse, politiske og litterære originalverk frå kvar av desse periodane, samt relevant sekundærlitteratur. Bruken av originalverk har som føremål å gje studentane grunnleggande kunnskapar for å lese tekst i historiske, sosiale og kulturelle kontekster der ein gitt idé blir utvikla. Sekundærlitteraturen gjev innsikt i idéhistoriske linjer og samanhengar i dei periodane det gjeld.
Emnet skal gje studentane grunnleggande ferdigheiter og kompetanse som set dei i stand til å nytte og formidle sentrale innsikter frå den europeiske idéhistoria. Dette skal óg setje dei i stand til å følgje med i samtidige kulturelle, filosofiske, religiøse, politiske og litterære debattar både innanfor og utanfor faget. Emnet skal dermed óg bidra til å gje grunnlag for vidare studiar i idéhistorie på bachelornivå.
Læringsutbyte/resultat
Kunnskapar: Etter fullført emne skal studenten ha
- eit generelt oversyn over sentrale fasar i den europeiske idéhistoria med særleg vekt på overgangsperiodane
- eit generelt oversyn over dei viktigaste tankane, teoriane og haldningane som har påverka det vestlige synet på mennesket gjennom den europeiske historia
- lese tekst i historiske, sosiale og kulturelle kontekster der ein gitt idé blir utvikla
- innsikt i samanhengen mellom intellektuelle problem og historiske hendingar
- god kjennskap til utvalde originaltekstar
Ferdigheiter: Etter fullført emne skal studenten vere i stand til å
- kjenne att og kritisk vurdere dei filosofiske, religiøse, politiske og litterære hovudposisjonane, idéane og haldningane som blir tatt opp i faglitteratur og i meir allmenne samanhengar der det er relevant
- formidle trekk av desse idéhistoriske hovudretningane i faglege så vel som meir allmenne samanhengar
- reflektere over samanhengen mellom kultur, religion, naturvitskap og samfunnstilhøve i faglege så vel som i meir allmenne problemstillingar
- reflektere over fordeler og ulemper ved toleranse, tankefridom og individ som verdiar og idéar i faglege samanhengar, men óg i samband med meir konkrete problemstillingar knytte til samtidige sosiale tilhøve
Kompetanse: Etter fullført emne skal studenten
- på sjølvstendig grunnlag kunne finne fram til og setje seg inn i sentral litteratur innanfor idéhistoria, samt å formidle kunnskap om denne litteraturen og dei perspektiva den tar opp til eit fagleg så vel som eit allment publikum
- kunne vurdere relevansen av og nytte omgrep, argument og metodar frå dei hovudretningane og dei kulturelle filosofiske, religiøse, politiske og litterære debattane som blir tatt opp i emnet, både i faglege og meir allmenne samanhengar
- kjenne att og kritisk vurdere argumentasjonsmåtar i faglege og meir allmenne tekstar basert på dei innsiktene emnet formidlar
Tilrådde forkunnskapar
Godkjent førstesemesterstudium. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk
Fagleg overlapp
IDH111 erstattar IDH101.
Undervisning og omfang
Undervisningar blir gjeve i form av førelesningar og seminar. Instituttet anbefalar at studentane organiserer eigenstyrte kollokvia.
Førelesingar: 2 timar per veke i 13 veker, totalt 26 timar.
Kollokvia: 1 timar per veke i 12 veker, totalt 12 timar.
Om det melder seg færre enn fire studentar blir talet på samlingar redusert. Den einskilde student vil samstundes bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing som kompensasjon for samlingane.
Obligatoriske arbeidskrav
Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.
Studentar må gje skriftleg svar på 8 spørsmål med innlevering i løpet av semesteret. Svara må vere godkjende for at ein skal kunne gå opp til eksamen.
Delta på minst to tredelar av seminara.
Individuell rettleiing ved faglærar.
Vurderingsformer
Studentane skal ha ei vekes heimeeksamen. Eksamensoppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Eksamenssvaret skal vere på mellom 3000 og 5000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc).
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.
Ei munnleg prøve der karakteren på heimeoppgåva kan bli justert med +/- ein karakter.
Karakterskala
Karakterskala frå A til F.
Læremiddelomtale
Pensumet er sett saman av både originaltekstar og sekundærlitteratur.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Emnet blir evaluert ved jamne mellomrom
Kontaktinformasjon
studierettleiar@fof.uib.no