Politisk idehistorie
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Undervisninga vert gitt i haustsemesteret. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Læringsutbyte
Kunnskapar: Etter fullført emne skal studentane ha:
- eit generelt oversyn over dei viktigaste teoriane og debattane i den politiske idéhistoria frå antikken og fram til i dag
- eit generelt oversyn over dei viktigaste ideologiane i den politiske idéhistoria slik som liberalisme, konservatisme, sosialisme, fascisme og anarkisme
- innsikt nok til å identifisere dei viktigaste argumenta for og mot demokrati som styreform
- god kjennskap til utvalde originaltekstar
Ferdigheiter: Etter fullført emne skal studentane vere i stand til å:
- kjenne att og kritisk vurdere dei filosofiske hovudposisjonane og ideologiane som blir tatt opp både i fagfilosofisk litteratur og i meir allmenne samanhengar der det er relevant
- formidle trekk av desse filosofiske hovudretningane og ideologiane i faglege så vel som meir allmenne samanhengar
- vurdere relevansen av problemstillingar, omgrep og argument frå desse hovudretningane for problemstillingar innan faglege så vel som meir allmenne samanhengar
- reflektere over fordelar og ulemper ved demokrati som styreform i faglege samanhengar, men óg i tilhøve til meir konkrete problemstillingar knytt til dømes til demokrati på arbeidsplassen
Kompetanse: Etter fullført emne skal studenten vere i stand til å:
- på sjølvstendig grunnlag finne fram til og setje seg inn i sentral litteratur innanfor den politiske idéhistoria, samt å formidle kunnskap om denne litteraturen og dei perspektiva den tar opp til eit fagleg så vel som til eit allment publikum
- vurdere relevansen av og bruke omgrep, argument og metodar frå dei hovudretningane og dei ideologiane som blir tatt opp i emnet, både i faglege og meir allmenne samanhengar
- kjenne att og kritisk vurdere argumentasjonsmåtar i faglege og meir allmenne tekstar basert på dei innsiktene emnet formidlar
Kontaktinformasjon
studierettleiar@fof.uib.no
Undervisningssemester
Undervisninga vert gitt i haustsemesteret.
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Mål og innhald
Politisk idéhistorie handlar om politiske idéar, teoriar og tradisjonar i den vestlege idéhistoria frå antikken til vår tid med fokus på dei historiske og sosiale kontekstene dei blei utvikla i.
Emnet består av to hovuddelar:
I første delen av kurset skal studentane få ei innføring i europeisk politisk idéhistorie frå antikken og fram til i dag. Her blir hovudposisjonar i politisk idéhistorie introduserte, slik som naturrettstenking, kontraktteori og realisme, men óg dei viktigaste politiske ideologiane slik som liberalisme, konservatisme, sosialisme, fascisme og anarkisme.
I andre delen av kurset skal studentane fordjupe seg i utvalde politiske stridsspørsmål og debattar. Emnet presenterer originallitteratur som tek opp kontraktsteori, liberale klassikarar, samt dei viktigaste kritikarane til liberalismen.
Emnet skal gje studentane grunnleggjande kunnskapar, ferdigheiter og kompetanse som set dei i stand til å bruke og formidle sentrale innsikter frå den politiske idéhistoria. Dette skal óg setje dei i stand til å følgje med i politiske debatter i samtida, både innanfor og utanfor faget.
Læringsutbyte/resultat
Kunnskapar: Etter fullført emne skal studentane ha:
- eit generelt oversyn over dei viktigaste teoriane og debattane i den politiske idéhistoria frå antikken og fram til i dag
- eit generelt oversyn over dei viktigaste ideologiane i den politiske idéhistoria slik som liberalisme, konservatisme, sosialisme, fascisme og anarkisme
- innsikt nok til å identifisere dei viktigaste argumenta for og mot demokrati som styreform
- god kjennskap til utvalde originaltekstar
Ferdigheiter: Etter fullført emne skal studentane vere i stand til å:
- kjenne att og kritisk vurdere dei filosofiske hovudposisjonane og ideologiane som blir tatt opp både i fagfilosofisk litteratur og i meir allmenne samanhengar der det er relevant
- formidle trekk av desse filosofiske hovudretningane og ideologiane i faglege så vel som meir allmenne samanhengar
- vurdere relevansen av problemstillingar, omgrep og argument frå desse hovudretningane for problemstillingar innan faglege så vel som meir allmenne samanhengar
- reflektere over fordelar og ulemper ved demokrati som styreform i faglege samanhengar, men óg i tilhøve til meir konkrete problemstillingar knytt til dømes til demokrati på arbeidsplassen
Kompetanse: Etter fullført emne skal studenten vere i stand til å:
- på sjølvstendig grunnlag finne fram til og setje seg inn i sentral litteratur innanfor den politiske idéhistoria, samt å formidle kunnskap om denne litteraturen og dei perspektiva den tar opp til eit fagleg så vel som til eit allment publikum
- vurdere relevansen av og bruke omgrep, argument og metodar frå dei hovudretningane og dei ideologiane som blir tatt opp i emnet, både i faglege og meir allmenne samanhengar
- kjenne att og kritisk vurdere argumentasjonsmåtar i faglege og meir allmenne tekstar basert på dei innsiktene emnet formidlar
Tilrådde forkunnskapar
Godkjent førstesemesterstudium. Studentane bør ha gode kunnskapar i engelsk fordi mykje av pensum vil vera på engelsk.
Undervisning og omfang
Undervisningar vert gjeve i form av førelesningar og/eller seminar. Det vert lagt opp til diskusjonar i etterkant av førelesningane og seminara, anten i plenum eller i mindre grupper.
Førelesingar: 2 timar per veke i 13 veker, totalt 26 timar.
Obligatoriske arbeidskrav
Ingen
Vurderingsformer
Seks timars skuleeksamen (gjeld også studentar utan studierett som tar særskilt eksamen i emnet).
Personar utan studierett ved UiB kan søkje om å få gå opp til eksamen i emnet. Kontakt Informasjonssenteret ved Studieadministrativ avdeling for informasjon om ordninga - telefon 55 58 21 40, e-post infosenter@ua.uib.no.
Karakterskala
Karakterskala frå A til F
Læremiddelomtale
Pensum er sett saman av idéhistoriske tekstar som gir ei innføring i politiske idear, teoriar og debattar i tillegg til originaltekstar. Ei pensumliste blir utarbeidd for kvart semester. Denne lista vert lagt ut i Studentportalen under IDH201 i god tid før undervisninga startar.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Emnet vert evaluert med jamne mellomrom.
Kontaktinformasjon
studierettleiar@fof.uib.no