Idehistorie: teori og metode
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Vår |
| Fagleg overlapp | IDH202 erstattar IDH102. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Læringsutbyte
Kunnskapar: Etter fullført emne skal studenten:
- ha eit oversyn over sentrale metodiske og teoretiske moderne tilnærmingsmåtar i faget idéhistorie
- kunne identifisere dei viktigaste metodiske og teoretiske spørsmål i idéhistorisk litteratur
- kunne vurdere samanhengen mellom metodiske perspektiv og faktisk idéhistorisk forsking
Ferdigheiter: Etter fullført emne skal studentane vere i stand til å:
- kjenne att og kritisk vurdere dei metodologiske hovudposisjonane som blir tekne opp både i faglitteratur og i meir allmenne samanhengar der det er relevant
- formidle trekk av desse metodologiske og teoretiske hovudretningane i faglege så vel som meir allmenne samanhengar
- vurdere relevansen av problemstillingar, omgrep og argument frå desse hovudretningane for problemstillingar innan faglege så vel som meir allmenne samanhengar
- analysere tekst frå ulike (humanistiske) fag
Kompetanse: Etter fullført emne skal studenten vere i stand til:
- på sjølvstendig grunnlag finne fram til og setje seg inn i sentral litteratur innanfor sentrale metodiske og teoretiske tilnærmingsmåtar i faget idéhistorie, samt å formidle kunnskap om denne litteraturen og dei perspektiva den tar opp til eit fagleg så vel som eit allment publikum
- vurdere relevansen av og bruke omgrep, argument og metodar frå dei hovudretningane som blir tatt opp i emnet, både i faglege og meir allmenne samanhengar
- kjenne att og kritisk vurdere argumentasjonsmåtar i faglege og meir allmenne tekstar basert på dei innsikter emnet formidlar
Kontaktinformasjon
studierettleiar@fof.uib.no
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Mål og innhald
Idéhistorie har fokus på ulike idéar og måtar å tenkje på innan filosofi, religion og litteratur som har vore med på å forme sjølvforståinga vår og synet vårt på den verda vi lever i. Idéhistorie er såleis ein fleirfagleg og tverrfagleg disiplin. Studiet av idéar og tenkjemåtar reiser spesielle metodiske spørsmål.
Emnet skal gje ei innføring i sentrale metodiske og teoretiske tilnærmingsmåtar i faget idéhistorie. Ulike døme på eldre og nyare idéhistorisk forsking har ein viktig plass i studiet.
Studentane skal arbeide med idéhistoriske tekstar som gjev ei innføring i metodiske og teoretiske moderne tilnærmingsmåtar i faget, som til dømes fransk mentalitetshistorie, omgrepshistorie, idéar som knytt til diskursar forstått som historiske system, idéar som knytt til talehandlingar, mikrohistorie osv. Dei skal dessutan arbeide med idéhistoriske monografiar som gjev døme på korleis idéhistorikarar arbeider i praksis.
Bruken av større idéhistoriske monografiar har som føremål å gje studentane grunnleggjande kunnskapar for å kunne knytte dei teoretiske og metodiske perspektiva til faktisk idéhistorisk forsking.
Emnet skal gje studentane kunnskap, ferdigheiter og kompetanse som set dei i stand til å bruke og formidle sentrale metodiske og teoretiske spørsmål i moderne idéhistorisk forsking. Dette skal óg setje dei i stand til å kunne nytte idéhistorisk metode for å analysere tekstar frå ulike (humanistiske) fag.
Læringsutbyte/resultat
Kunnskapar: Etter fullført emne skal studenten:
- ha eit oversyn over sentrale metodiske og teoretiske moderne tilnærmingsmåtar i faget idéhistorie
- kunne identifisere dei viktigaste metodiske og teoretiske spørsmål i idéhistorisk litteratur
- kunne vurdere samanhengen mellom metodiske perspektiv og faktisk idéhistorisk forsking
Ferdigheiter: Etter fullført emne skal studentane vere i stand til å:
- kjenne att og kritisk vurdere dei metodologiske hovudposisjonane som blir tekne opp både i faglitteratur og i meir allmenne samanhengar der det er relevant
- formidle trekk av desse metodologiske og teoretiske hovudretningane i faglege så vel som meir allmenne samanhengar
- vurdere relevansen av problemstillingar, omgrep og argument frå desse hovudretningane for problemstillingar innan faglege så vel som meir allmenne samanhengar
- analysere tekst frå ulike (humanistiske) fag
Kompetanse: Etter fullført emne skal studenten vere i stand til:
- på sjølvstendig grunnlag finne fram til og setje seg inn i sentral litteratur innanfor sentrale metodiske og teoretiske tilnærmingsmåtar i faget idéhistorie, samt å formidle kunnskap om denne litteraturen og dei perspektiva den tar opp til eit fagleg så vel som eit allment publikum
- vurdere relevansen av og bruke omgrep, argument og metodar frå dei hovudretningane som blir tatt opp i emnet, både i faglege og meir allmenne samanhengar
- kjenne att og kritisk vurdere argumentasjonsmåtar i faglege og meir allmenne tekstar basert på dei innsikter emnet formidlar
Tilrådde forkunnskapar
Godkjent førstesemesterstudium. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.
Fagleg overlapp
IDH202 erstattar IDH102.
Undervisning og omfang
Undervisinga blir gjeve i form av førelesingar og seminar.
Førelesingar: 2 timar per veke i 13 veker, totalt 26 timar.
Seminar: 1 timar per veke i 12 veker, totalt 12 timar.
Om det melder seg færre enn fire studentar blir talet på samlingar redusert. Den einskilde student vil samstundes bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing som kompensasjon for samlingane.
Obligatoriske arbeidskrav
Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.
Studentar må gje svar på 6 av 12 spørsmål med innlevering annankvar veke.
Svara må vere godkjende for at ein skal få oppgåva sensurert.
Vurderingsformer
6 timar skuleeksamen med spørsmål henta frå ulike deler av pensum.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.
Karakterskala
Karakterskala frå A til F.
Læremiddelomtale
Pensumet er sett saman av idéhistoriske tekstar som gjev ei innføring i metodiske og teoretiske tilnærmingsmåtar i faget og litteratur som omhandlar eller gjev døme på korleis idéhistorikarar arbeider i praksis.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Emnet blir evaluert ved jamne mellomrom.
Kontaktinformasjon
studierettleiar@fof.uib.no