Gå til innhold
English A A A
Emne IDH250

Bacheloroppgåve i idehistorie

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Haust og vår
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Norsk

Krav til forkunnskapar

Godkjent førstesemesterstudium og avlagd eksamen i minst to av emna IDH111 (eller IDH101), IDH201 og IDH202 (eller IDH102) .

Læringsutbyte

Kunnskapar: Studentane skal kunne:

  • ha tilegna seg innsikt i eit avgrensa idéhistorisk tema
  • ha oversikt over ulike problemstillingar og argumentasjonar innan tema for oppgåva

Ferdigheiter: Studentane skal kunne:

  • løyse ei gjeven problemstilling på ein sjølvstendig måte innan ei avgrensa periode
  • raskt trekkje ut relevant stoff frå ei større mengd litteratur i høve til å kunne behandle gjevne oppgåver

Kompetanse: Studentane skal kunne:

  • vere i stand til å arbeide sjølvstendig med idéhistoriske originaltekstar og relevant sekundærlitteratur.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@fof.uib.no

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsspråk

Norsk

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane mulighet til å arbeide sjølvstendig saman med faglærar/rettleiar med eit avgrensa idéhistorisk tema.

Læringsutbyte/resultat

Kunnskapar: Studentane skal kunne:

  • ha tilegna seg innsikt i eit avgrensa idéhistorisk tema
  • ha oversikt over ulike problemstillingar og argumentasjonar innan tema for oppgåva

Ferdigheiter: Studentane skal kunne:

  • løyse ei gjeven problemstilling på ein sjølvstendig måte innan ei avgrensa periode
  • raskt trekkje ut relevant stoff frå ei større mengd litteratur i høve til å kunne behandle gjevne oppgåver

Kompetanse: Studentane skal kunne:

  • vere i stand til å arbeide sjølvstendig med idéhistoriske originaltekstar og relevant sekundærlitteratur.

Krav til forkunnskapar

Godkjent førstesemesterstudium og avlagd eksamen i minst to av emna IDH111 (eller IDH101), IDH201 og IDH202 (eller IDH102) .

Tilrådde forkunnskapar

Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.

Undervisning og omfang

Individuell rettleiing, 3 timar per student.

(ev. supplert med grupperettleiing)

Obligatoriske arbeidskrav

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.

Innlevering av utkast til rettleia oppgåve før siste rettleiinga.

3 timar individuell rettleiing ved faglærar.

Innlevering av pensumliste innan 30. april om våren og innan 31. oktober om hausten. Pensumlista skal innehalde emnekode, eksamenssemester og namn på student og faglærar/rettleiar, og være utforma i samsvar med vanlege standarder for bibliografiske referansar. Sidetal for kvar einskild bok/utdrag av bok eller artikkel samt samla tal på sider skal opplysast (for elektroniske kjelder utan sidetal rekner ein 500 ord pr. side). Pensumlista skal godkjennast av instituttet.

Vurderingsformer

Ei rettleia oppgåve på mellom 6000 og 8000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Oppgåva blir sensurert ved slutten av semesteret.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Karakterskala

Karakterskala frå A til F

Læremiddelomtale

Studenten legg opp eit pensum, fordelt på originaltekstar og sekundærlitteratur, i samråd med faglærar.

Undervisningssted

Bergen

Emneevaluering

Emnet blir evaluert med jamne mellomrom.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@fof.uib.no