Gå til innhold
English A A A
Emne IDH301

Forskningsemne i idéhistorie 1

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Vår/ haust
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Norsk

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med 90 stp. spesialisering i idéhistorie.

Læringsutbyte

-Kunne arbeide sjølvstendig med ulike idéhistoriske tekstar og problemstillingar.

-Kunne identifisere dei spesifikke idéhistoriske problema i ulike tekstar.

-Kunne gi ei munnleg framstilling av ei idéhistorisk problemstilling

-Kunne utarbeide eit avgrensa skriftleg arbeid, med ei klår problemstilling og klår argumentasjon innan særemnet.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@fof.uib.no

Undervisningssemester

Vår/ haust

Undervisningsspråk

Norsk

Studienivå

Master

Institutt

Institutt for filosofi og førstesemesterstudiar

Krav til studierett

Lukka emne. For å ta emnet må ein vere tatt på masterprogrammet i filosofi, studieretning idéhistorie.

Mål og innhald

IDH301 hentar sitt innhald frå eit av forskingsseminara på Filosofisk institutt i det aktuelle semester. Desse seminara har fokus på aktuell forsking på instituttet.

Emnet skal gje studentane eit grunnlag for ein kritisk tilnærming til sentrale idéhistoriske problemstillingar, noko som skal gjere dei betre i stand til å arbeide sjølvstendig med masteroppåva.

I seminaret vil det verte lagt vekt på både munnleg diskusjon og skriftleg framstilling.

Læringsutbyte/resultat

-Kunne arbeide sjølvstendig med ulike idéhistoriske tekstar og problemstillingar.

-Kunne identifisere dei spesifikke idéhistoriske problema i ulike tekstar.

-Kunne gi ei munnleg framstilling av ei idéhistorisk problemstilling

-Kunne utarbeide eit avgrensa skriftleg arbeid, med ei klår problemstilling og klår argumentasjon innan særemnet.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med 90 stp. spesialisering i idéhistorie.

Undervisning og omfang

Undervisninga vil ha form av seminar med ulike opplegg, men kor diskusjon alltid står sentralt. Studentane skal også legge fram eige bidrag på seminaret.

Seminar: 2 timar per veke i 13 veker, totalt 26 timar

Individuell rettleiing: 2 timar per student

Obligatoriske arbeidskrav

Følgjande obligatoriske undervisningsaktivitetar inngår i IDH301:

- Innlegg på seminaret.

- Innlevering av utkast til semesteroppgåve før rettleiinga.

- Individuell rettleiing i samband med skriving av semesteroppgåva.

- Innlevering av pensumliste 15. oktober i haustsemester og 15. april i vårsemester.

Vurderingsformer

Studentane skal skrive ei seminaroppgåve.

Problemstillinga for denne vil vert bestemt av to (eller fleire) oppgåver som seminarleiar utformar, og som er i fokus på forskingsseminaret.

Studentane kan òg formulere ei problemstilling på eige hand; problemstillinga må i så fall verte godkjend av seminarleiar. Seminaroppgåva skal vere på 4000 - 6000 ord. Det er obligatorisk rettleiing i samband med skrivinga av seminaroppgåva.

Eksamen vert arrangert kvart semester.

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F.

Ein kan ikkje nytte det same forskingsseminaret til å ta eksamen i IDH302 eller som valemne i kursdelen av masterstudiet.

Karakterskala

Karakterskala frå A til F

Læremiddelomtale

Studenten legg opp eit pensum i samråd med rettleiar.

Undervisningssted

Bergen

Emneevaluering

Emnet vert evaluert ved jamne mellomrom.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@fof.uib.no