Forskningsemne i idéhistorie 2
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Vår/haust |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad med 90 stp. spesialisering i idéhistorie.
Læringsutbyte
Kunne arbeide sjølvstendig med ulike idéhistoriske tekstar og problemstillingar.
Kunne identifisere dei spesifikke idéhistoriske problema i ulike tekstar.
Gitt ei stor mengde tekst, skal studenten raskt kunne plukke ut relevant frå ikkje-relevant stoff i høve til ei gitt problemstilling.
Kontaktinformasjon
studierettleiar@fof.uib.no
Undervisningssemester
Vår/haust
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Master
Institutt
Institutt for filosofi og førstesemesterstudiar
Krav til studierett
Lukka emne. For å ta emnet må ein vere tatt på masterprogrammet i filosofi, studieretning idéhistorie.
Mål og innhald
IDH302 hentar sitt innhald frå eit av forskingsseminara på Filosofisk institutt i det aktuelle semester. Desse seminara har fokus på aktuell forsking på instituttet.
Emnet skal gje studentane eit grunnlag for ein kritisk tilnærming til sentrale idéhistoriske problemstillingar, noko som skal gjere dei betre i stand til å arbeide sjølvstendig med masteroppåva.
I seminaret vil det verte lagt vekt på både munnleg diskusjon og skriftleg framstilling.
Læringsutbyte/resultat
Kunne arbeide sjølvstendig med ulike idéhistoriske tekstar og problemstillingar.
Kunne identifisere dei spesifikke idéhistoriske problema i ulike tekstar.
Gitt ei stor mengde tekst, skal studenten raskt kunne plukke ut relevant frå ikkje-relevant stoff i høve til ei gitt problemstilling.
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad med 90 stp. spesialisering i idéhistorie.
Undervisning og omfang
Undervisninga vil ha form av seminar med ulike opplegg, men kor diskusjon alltid står sentralt. Studentane skal og legge fram eige bidrag på seminaret.
Obligatoriske arbeidskrav
Innlevering av pensumliste innan 15. april om våren og innan 15. oktober om hausten.
Når det gjeld utsetting av obligatoriske arbeidskrav og kor lenge dei er gyldige viser vi til dei utfyllande reglane for gradsstudium ved Det humanistiske fakultet, Universitetet i Bergen.
Vurderingsformer
Studentane skal ha ein times munnleg eksamen, kor dei presenterer eit tema frå emnet valt av studenten sjølv og godkjend av seminarleiar. Presentasjonen skal vere på 15-20 minutt, det vil seie at den skal svare til ein skriftlig presentasjon på mellom 2500 og 3500 ord.
Ein kan ikkje nytte det same forskingsseminaret til å ta eksamen i IDH301 eller som valemne i kursdelen av masterstudiet.
Eksamen vert arrangert kvart semester.
Karakterskala
Karakterskala frå A til F
Læremiddelomtale
Studenten legg opp eit pensum i samråd med rettleiar.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Emnet vert evaluert ved jamne mellomrom.
Kontaktinformasjon
studierettleiar@fof.uib.no