Idéhistorie mastergradsoppgåve
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 60 |
| Undervisningssemester | Vår/haust |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Læringsutbyte
Etter fullført emne skal studenten vere i stand til å arbeide systematisk og sjølvstendig med idéhistoriske problemstillingar.
Kontaktinformasjon
studierettleiar@fof.uib.no
Undervisningssemester
Vår/haust
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Master
Institutt
Institutt for filosofi og førstesemesterstudiar
Krav til studierett
Lukka emne. For å ta emnet må ein vere tatt opp på masterprogrammet i filosofi, studieretning idéhistorie.
Mål og innhald
Masteroppgåva skal dokumentere at studenten har evne til å arbeide systematisk og sjølvstendig med idéhistoriske problemstillingar.
I IDH350 skal studentane skrive ei masteroppgåve ut frå det prosjektet som dei har utarbeidd i IDH304.
Emnet er ein obligatorisk del av mastergraden. Masteroppgåva kan anten bestå av eit samanhengande arbeid, eller vere sett saman av fleire mindre arbeid som står i ein indre fagleg samanheng med kvarandre. Om studenten vel ei samansett masteroppgåve, skal denne innehalde ei innleiing som syner korleis dei ulike artiklane heng saman. Lengda på oppgåva skal vere i samsvar med fakultetet sitt vedtak om kva lengd ei masteroppgåve skal ha.
Læringsutbyte/resultat
Etter fullført emne skal studenten vere i stand til å arbeide systematisk og sjølvstendig med idéhistoriske problemstillingar.
Tilrådde forkunnskapar
Avlagd eksamen i FIL301, FIL302, FIL303 og IDH304
Undervisning og omfang
Arbeidet med masteroppgåva er normert til 2 semester og vert normalt lagt til dei to siste semestra av studiet. Det er ein føresetnad at studenten med jamne mellomrom drøftar masteroppgåva med den/dei faglege rettleiaren/rettleiarane sin(e).
10 timer individuell rettleiing per semester.
Obligatoriske arbeidskrav
- Individuell rettleiing
- Halde eit 30 minutters førebudd munnleg innlegg om oppgåva mellom innlevering av masteroppgåva og munnleg eksamen. Etter innlegget er det sett av 30 minutter til diskusjon. Rettleiaren skal vere til stades under framlegging og diskusjon.
Ein godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester etter godkjenninga.
Vurderingsformer
Masteroppgåva skal vere på mellom 70 og 110 sider. Sjå utfyllande reglement for Det humanistiske fakultet.
Innlevering av masteroppgåva kan skje fire gonger i året; 1. februar, 15. mai, 1. september og 20. november. Desse fristane er sette av Det humanistiske fakultet.
Det vert sett ein karakter på studenten si masteroppgåve. Denne karakteren kan justerast inntil ein karakter opp eller ned gjennom ei munnleg prøve som omfattar masteroppgåva og særpensumet.
Karakterskala
Karakterskala frå A til F
Læremiddelomtale
I samband med masteroppgåva skal studenten leggje opp eit særpensum. Pensumlista kan, men treng ikkje, å vere identisk med litteraturlista til masteroppgåva. Særpensumet vert bestemd i samarbeid med rettleiar og skal normalt omfatte minst 1000 sider.
Studentane leverer særpensumlista samstundes som dei leverer masteroppgåva.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Emnet vert evaluert ved jamne mellomrom
Kontaktinformasjon
studierettleiar@fof.uib.no