Gå til innhold
English A A A
Emne INF100-F

Grunnkurs i programmering (Programmering 1)

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 10
Undervisningssemester Haust og vår
Fagleg overlapp

I110: 10stp

Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Læringsutbyte

Å forstå grunnleggjande begrep og konsept i eit moderne programmeringsspråk. Studentane skal lære å løyse problemstillingar ved å nytta datamaskin, og å tileigne seg gode programmeringsteknikkar og metodar.

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsspråk

Norsk

Fagleg innhald

Emnet gir ei innføring i programmering, som omfattar program- og Datastrukturar og algoritmebegrepet. Emnet gir ei grundig og praktisk innføring i bruk av eit høgnivå programmeringsspråk (Java). Hovudvekta blir lagt på objekt-basert programmering (OBP), som omfattar utforming av klassar og kommunikasjon mellom objekt.

Sentrale begrep som vert dekka er datatypar, variablar, uttrykk, kontrollflyt, tabellar og filhandtering. Emnet dekkjer programutviklingsprosessen frå formulering av enkle problemstillingar til utforming av ei løysing på datamaskin.

Øvingsopplegget er arbeidskrevjande med fleire innleveringsoppgåver, som er ein viktig del av emnet. Føresetnaden er at studentane skal gjere omfattande bruk av datamaskiner utanom gruppetimane.

Fagleg overlapp

I110: 10stp

Obligatoriske aktivitetar (særskilde krav)

Innleveringsoppgåver

Vurdering / eksamensformer

5 timar skriftleg eksamen. Det er høve til å gi karakter på innleveringsoppgåver som kan inngå i sluttkarakteren.

Fagleg ansvarleg

Senter for etter- og videreutdanning (SEVU):

http://www.uib.no/sevu/

Læringsutbyte/resultat

Å forstå grunnleggjande begrep og konsept i eit moderne programmeringsspråk. Studentane skal lære å løyse problemstillingar ved å nytta datamaskin, og å tileigne seg gode programmeringsteknikkar og metodar.