Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Dataprogrammering for naturvitskap

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Kurset vil gje innføring i programmering med hovudvekt på praktiske øvingar. Undervisninga og øvingsopplegget vil leggje vekt på løysing av konkrete og reelle problem frå ulike naturfag.

Læringsutbyte

Ved fullført emne INF109 skal studenten kunne:

  • analysere enklare databehandling/berekningsproblem og skissere ei løysingsmetode
  • skrive eit korrekt fungerande dataprogram som les inn data, for å så utføre løysingsmetoden før svaret anten vert skriven ut eller visualisert for brukaren
  • behandle strukturerte datamengder ved hjelp av ei datamaskin
  • ha kjennskap til oppbygging og bruk av grunnleggjande element i programmeringsspråket Python

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit studieprogram ved det matematisk-naturvitskaplege fakultet.

Emnet er ikkje åpent for studenter på bachelorprogramma i datateknologi og datavitenskap, bioinformatikk, datatryggleik eller masterprogramma i informatikk. For studenter på bachelorprogrammet i informatikk-matematikk-økonomi kan INF109 ikkje inngå som ein del av informatikkspesialiseringa i graden.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjente obligatoriske oppgåver. Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.

Vi gjer oppmerksom på at studentane må bruke eigen datamaskin i undervisninga. Det vil være ei avgrensa mengde datamaskiner tilgjengeleg for dei som ikkje har eigen maskin.

Vurderingsformer

3 timar skriftleg eksamen. Dei obligatoriske arbeidskrava tel 50% av sluttkarakteren. Dersom det er færre enn 20 deltakarar kan det bli munnleg eksamen.

Både de obligatoriske arbeidskrava og eksamen må vere bestått for å få godkjent eksamen i emnet.

Ingen lovlege hjelpemiddel ved ordinær skriftleg eksamen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev. studiekonsulenten på instituttet.

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslettet kan bli endret frem til 14 dager før eksamen. Sted for eksamen vil bli publisert 14 dager før.

  • Vurderingsordning: Skoleeksamen (Ny eksamen)

    Trekkfrist
    06.09.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
  • Vurderingsordning: Skriftleg eksamen og oppgåver

    Dato
    22.11.2017, 09:00
    Varigheit
    3 timer
    Trekkfrist
    08.11.2017
    • Klokkeslettet kan bli endret frem til 14 dager før eksamen. Sted for eksamen vil bli publisert 14 dager før.

    • Eksamensdel: Skriftleg eksamen

      Dato
      22.11.2017, 09:00
      Varigheit
      3 timer
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
      Sted