Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Systemkonstruksjon

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeINF112
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår (Fargekode: gul)

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet er praktisk retta og gir ei innføring i konstruksjon av programsystem. Det blir lagt vekt på gruppearbeid ved at større oppgåver blir løyst i grupper. Emnet omhandlar prosjektorganisering modellar for livssyklus til programvare, systemvedlikehald samt lover og reglar som regulerer kva program som kan lagast. Det blir lagt vekt på objektorienterte metodar.

Læringsutbyte

Studentane skal kunne

  • utvikle og forklare vanlig brukte typar av Unified Modelling Language diagram,
  • skildra ein del mykje brukte programvareutviklingsprosessar,
  • bruke etablerte teknikkar for å samla inn og analysera brukarkrav og behov
  • forklara viktige prinsipp for systemdesign, og
  • bruke eit integrert utviklingsmiljøverkty og versjonskontrollsystem

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Byggjer på INF101

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjente obligatoriske oppgåver.

Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

3 timar skriftleg eksamen. Eksamen kan foregå digitalt (på datamaskin). Se meir informasjon på: www.uib.no/digitaleksamen. Det er høve til å gi karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren. Dersom det er færre enn 20 deltakarar kan det bli munnleg eksamen.

Lovlege hjelpemiddel vert kunngjorde på Mitt UiB i starten på kvart semester.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

INFO212: 10 stp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev. studiekonsulenten på instituttet.