Hjem
Click

Utdanning

Laveregradsemne

Sosial nettverksteori

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeINF207
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Haust. I oddetallsår nytter du koden INFO207 for oppmelding til emnet.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir eit oversyn over korleis teoretiske rammeverk frå ulike fagområde kan nyttast til å modellere og analysere komplekse sosiale nettverk. Sosial nettverksteori hjelper oss å forstå strukturen i ulike sosiale nettverk, korleis dei utviklar seg, korleis kommunikasjon i sosiale nettverk går føre seg, og korleis nettverk dannar grunnlag for samhandling. Nettverksomgrepet er sentralt i mange fag, blant anna økonomi, sosiologi, informatikk, informasjonsvitskap og matematikk. Ei tverrfagleg tilnærming til sosiale nettverk gir moglegheit for å analysere fellestrekk ved tilsynelatande ulike fenomen, frå korleis informasjon, meiningar og oppførsel spreiar seg i elektroniske sosiale nettverk til korleis epidemiar og finansielle kriser utviklar seg til korleis søkjemaskinar nyttar lenkene mellom websider for rangering av sider i et websøk. Dei store datamengdene i applikasjonane i dag gjer at effektive algoritmar må nyttast.

Emnet vert undervist i samarbeid mellom Institutt for informasjons- og medievitskap og Institutt for informatikk.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:

  • demonstrere teoretisk kunnskap om teoretiske modellar, omgrep og resultat relatert til modellering og analyse av sosiale nettverk, utvikla i fleire fagdisiplinar.
  • gjengi og forklare dei viktigaste matematiske modellane for sosiale nettverk og sosial interaksjon, samt relaterte omgrep.
  • gjengi og forklare de viktigaste vitskapelege resultata relaterte til slike modellar.
  • nytte ulike teoretiske verktøy for å analysere sosiale nettverk.
  • velje ein passande matematiske modell for å lage ein abstraksjon av eit gitt type fenomen i eit gitt sosialt nettverk, og kunne nytte omgrep og teknikkar for å analysere slike modellar.
  • demonstrere ei grunnleggjande forståing av relaterte matematiske modellar og omgrep frå fleire ulike fagdisiplinar.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

www.uib.no/emne/INFO102www.uib.no/emne/INFO102

INFO102 eller MNF130 eller tilsvarande.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar 2 timar per veke i 12-16 veker. Gruppeøvingar 2 timar per veke i 12-16 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

5 obligatoriske oppgåver må løysast og godkjennast.

Obligatoriske oppgåver må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret. Dei er gyldige berre eitt semester utover det semesteret dei har blitt godkjende.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen. Ingen hjelpemiddel tillete. Det er høve til å gi karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Min side, kontakt ev. studiekonsulenten på instituttet (studieveileder@ii.uib.no).