Hjem
Click

Utdanning

Masteremne

Innføring i programomsetjing

Undervisningssemester

Uregelmessig

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir innføring i konstruksjon av ein programomsetjar (kompilator/ kildekodeomskrivar) med vekt på teknikkar for analyse og omsetjing av program. Emnet gir oversyn over verktøy som kan brukast til dette formålet. Sentralt står semesteroppgåva som gir praktisk øving i bruk av slike verktøy der det krevst analyse av strukturerte inndata, t.d. tolking av kommandoar i eit operativsystem, spørjing i ein database, mønster-attkjenning i tekst, og utvikling av omsetjar for programmeringsspråk for bestemte formål.

Læringsutbyte

Ved fullført emne INF225 skal studenten kunne

  • definere og bruke sentrale omgrep som språk, grammatikk, syntakstre, avhengnader, symboltabellar og typiske interne representasjonar
  • greie ut om vanlige analyseteknikkar for programkode og prinsippa for organisering av ein programoversettar
  • bruke moderne verktøy for kodeanalyse og manipulering
  • programmere verktøy for analyse og manipulering av programkode basert på ei enkel språkskildring

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Byggjer på INF121, MNF130

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjente obligatoriske oppgåver.

Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Munnleg eksamen. Dersom det er mange deltakarar på kurset, kan det bli skriftleg eksamen ( 3 timar). Det er høve til å gje karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren.

Ingen lovlege hjelpemiddel.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

I125: 10 SP

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev. studiekonsulenten på instituttet.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Munnleg eksamen

    Trekkfrist
    01.05.2017
  • Vurderingsordning: Skoleeksamen

    Dato
    20.02.2017, 09:00
    Varigheit
    3 timer
    Trekkfrist
    06.02.2017