Hjem

Utdanning

Masteremne

Kryptologi

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir ei vidareføring av teorien for kryptologi frå emnet INF240. Emnet handlar mellom anna om konstruksjon av og angrep på ymse kryptografiske chiffer, kryptografiske hashfunksjonar og digitale signaturar.

Ein vil og ta opp andre emne i kryptologi, desse kan variera frå gong til gong. Døme på slike emne er autentiseringskodar, elliptisk kurve-kryptografi, system for deling av løyndomar og for identifisering, "zero-knowledge" prov, slumptalsgenerering, trygging av ein-til-mange kommunikasjon (multicasting), og informasjonsteoretiske verktøy.

Læringsutbyte

Etter fullført kurs skal studenten kunna: 

  • Gjera greie for det matematisk grunnlaget for og konstruksjonen av sentrale chiffer, hashfunksjonar og digitale signaturar.
  • Implementra standard kryptografiske system.
  • Setja seg inn i og gjera greie for kryptografiske algoritmar.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Byggjer på INF240

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjente obligatoriske oppgåver.

Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Det er høve til å gi karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren.

Munnleg eksamen.

Dersom det er mange deltakarar på kurset, kan det bli skriftleg eksamen (3 timar).

Ingen lovlege hjelpemiddel.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

I247: 10 SP

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev. studiekonsulenten på instituttet.

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslettet kan bli endret frem til 14 dager før eksamen. Sted for eksamen vil bli publisert 14 dager før.

  • Vurderingsordning: Mappeevaluering + munnleg

    Trekkfrist
    01.11.2017
  • Vurderingsordning: Mappeevaluering og skriftleg eksamen

    Dato
    28.09.2017, 09:00
    Varigheit
    3 timer
    Trekkfrist
    14.09.2017
    Sted