Hjem
Click

Utdanning

Mastergradsstudier

Visualisering

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeINF252
  • Antal semester1
  • Språk

    Engelsk

  • Ressursar

Mål og innhald

Visualisering er bruk av datastøtta interaktiv visuell representasjon av data for auka forståing. Kurset gir ei innføring i sentrale emne i vitskapleg visualisering og informasjonsvisualisering. Delemne som blir omhaldla er: ei generell innleiing med innføring i terminologi og definisjonar og litt historisk bakgrunn, volumvisualisering med vekt på medisinsk visualisering, visualisering av vektor- og tensordata (flytvisualisering), visualisering av abstrakte data som t.d. databasar (informasjonsvisualisering), og illustrativ visualisering.

Fagleg overlapp

INF212: 10 SP

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisningsformen kan bli endret dersom det er få studenter som deltar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjente obligatoriske oppgåver.

Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.

Undervisningssemester

Vår

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Undervisningsstad

Bergen

Læringsutbyte

Etter å ha fullført INF252 skal ein student ha tilegna seg følgjande læringsutbyte:

  • gjengi grunnleggjande prinsipp innan visualisering
  • gje døme på aspekt ved menneskeleg persepsjon
  • oppgje eit utval av Gestalt lovar
  • diskutere ulike typar for data representasjonar
  • forklare volum oversetjing (rendering) og bruk av overføringsfunksjonar (transfer functions)
  • skildre bruken av iso-overflater for volum-visualisering
  • gje døme på ulike formar for flyt-visualisering
  • illustrere bruken av lineær filtrering i visualisering
  • gje døme på informasjons-visualisering
  • implementere eit utval visualiseringsalgoritmar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Anbefalte forkunnskaper: INF250, INF251. Bygger på INF102. En solid bakgrunn i (objekt-orientert) programmering, bestående av både teoretisk og praktisk kunnskap er nødvendig. Det anbefales at du har erfaring med C/C++ forut for dette kurset.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Vurderingsformer

3 timar skriftleg eksamen. Eksamen kan foregå digitalt (på datamaskin). Se meir informasjon på: www.uib.no/digitaleksamen. Det er høve til å gje karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren.

Dersom det er færre enn 20 deltakarar kan det bli munnleg eksamen.

Ingen lovlege hjelpemiddel ved munnleg eksamen. Tillatne hjelpemiddler ved skriftleg eksamen: Alle kalkulatorer i samsvar med fakultetets reglar.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mi side, kontakt ev. studiekonsulenten på instituttet.