Visualisering

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gje studentane ein introduksjon til visualisering. Studentane vil lære grunnleggjande visualisering design og prinsipp for evaluering. I tillegg vil studentane få ei god oversikt over algoritmar innan visualisering og teknikkar for forskjellige typar data og oppgåver. Innan praktiske prosjekt for design og implementering vil dei utvikle analytiske evner og vidare fremme programmeringsdugleik.

 

Innhald:

Emnet dekker fundamentale konsept innan design og analyse for visualisering, som inkluderer implikasjonar medført av persepsjon. Emnet gir ein innføring i metodar og algoritmar innanfor volum visualisering, flyt visualisering, informasjon visualisering og visuell analyse.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha oppnådd følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • Har ein grunnleggjande forståing av prinsippa for visualisering
  • Har kunnskap om persepsjon og korleis det er knytt til design av visualiseringar
  • Har ein oversikt over framgangsmåtar for visualisering av volum-, flyt, tabell-, nettverk-, graf-, og tekst-data.
  • Har kunnskap innan metodar for visualisering av skalarfelt og vektorfelt.
  • Har ein grunnleggjande forståing for metodar for berekning og samhandling i visuell analyse

 

 

Ferdigheiter

Studenten

  • Kan analysere krav til oppgåver og løysingar for visualisering
  • Kan evaluere og kommunisere alternativ innan design for visualisering
  • Kan identifisere og velje metodar for visualisering som er formålstenlege for ei gjeve oppgåve
  • Kan realisere løysingar for visualisering ved bruk av moderne programmeringsmetodar

 

Generell kompetanse

Studenten

  • Kan lese og diskutere vitskaplege artiklar innan eit gjeve emne
  • Kan sjølvstendig organisere, strukturere og realisere programvareprosjekt på ein mindre skala.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/master/ph.d.

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
INF100 og INF101 (eller tilsvarande utdanning); MAT101/MAT111, (eller eit anna tilsvarande fag).
Tilrådde forkunnskapar
INF250, INF251. Byggjer på INF102. Ein solid bakgrunn innan (objekt-orientert) programmering, beståande av både teoretisk og praktisk kunnskap er naudsynt.
Studiepoengsreduksjon
INF212: 10 SP
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
Emnet består i hovudsak av førelesningar, programmeringsleksjonar og øvingar. Vanlegvis vil det vere 5 organiserte arbeidstimar i veka.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på obligatoriske øvingar og beståtte obligatoriske oppgåver. Obligatoriske oppgåver er gyldige i to semester; det semesteret aktiviteten godkjennast samt det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
Munnleg eksamen. Endeleg karakter er ein kombinasjon av karakterane frå programmeringsoppgåvane og eksamenen.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel kalkulator tillatt, i samsvar med modeller angitt i fakultetets regler.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt

mailto:studieveileder@ii.uib.nostudierettleiar

Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.