Seminar i visualisering

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:
Hovudmålet med emne INF358 er todelt. For det første blir studentane introdusert til ei rekke visualiseringsløysingar (verktøy) og utøver dei på utvalde datasett. For det andre blir studentane óg introdusert til grunnleggjande metodar for vitskapleg arbeid, alt frå å finne litteratur til å presentere eigen forsking. Etter ei vellukka gjennomføring av emne INF358 veit studentane om vanlige løysingar/verktøy i visualisering og korleis å bruke dei. Dei har óg lært og har erfaring med dei viktigaste metodane, og har fått erfaring med vitskapleg arbeid.

Innhald:
INF358 tar for seg ei rekke vanlege visualiseringssituasjonar, inkludert tabelldatavisualisering, tidsavhengig datavisualisering, nettverkvisualisering og vitskapleg datavisualisering. Med omsyn til prinsippa for vitskapleg arbeid tar INF358 for seg litteraturarbeid, vitskapleg arbeid basert på relatert litteratur, og skriving og presentasjon av eigen (vitskapleg) arbeid.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha oppnådd følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 Kunnskapar
Studenten

  • kjenner til verktøy og metodar for tabelldatavisualisering
  • kjenner til verktøy og metodar for å visualisere tidsavhengige data
  • kjenner til verktøy og metodar for å visualisere nettverkdata
  • kjenner til verktøy og metodar for å visualisere vitskaplege data
  • kjenner til korleis ein søker og finn relatert litteratur
  • kjenner til korleis ein diskuterer relatert arbeid
  • kjenner til korleis ein gjer eigne (vitskaplege) arbeid, basert på relatert arbeid
  • kjenner til korleis ein skriv (vitskapleg) om eige (forsking) arbeid
  • kjenner til korleis ein presenterer (vitskapleg) eige (forsking) arbeid

 

Ferdigheiter
Studenten

  • er i stand til å anvende ein passande visualiseringsløysing (verktøy) på tabelldata
  • er i stand til å anvende ein passande visualiseringsløysing (verktøy) på tidsavhengige data
  • er i stand til å anvende ein passande visualiseringsløysing (verktøy) på nettverksdata
  • er i stand til å anvende ein passande visualiseringsløysing (verktøy) på vitskaplege data
  • er i stand til å søke og finne vitskapleg litteratur som er relater til ein gitt problemstilling
  • er i stand til å utvikle ein eigen løysing basert på relatert forskingsarbeid
  • er i stand til å skrive ein vitskapleg publikasjon av eigen (forsking) arbeid
  • er i stand til vitskapleg presentere egne (forsking) arbeid

 

Generell kompetanse
Studenten

  • kan vurdere kor formålstenleg ei gitt visualiseringsløysing eller verktøy er for eit gitt (forskings) problem
  • respekterer dei vanlige metodane i vitskapleg arbeid, herunder etiske omsyn som å respektere relatert arbeid

Studiepoeng, omfang

10 stp

Studienivå (studiesyklus)

Master/ PhD

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
VISUAL: 10 stp
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet eller ph.d.-utdanninga. www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga gjevast i form av førelesningar, gruppemøter, og praktiske oppgaver.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane må klare minst 50% av alle moglege poeng på øvingane/oppgåvene.
Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Oppgåver (100% av evalueringa). Ingen slutteksamen.
Karakterskala
Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studierettleiar
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.