Examen facultatum - Grunnkurs i informasjonsvitskap
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 10 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Fagleg overlapp | INFO100 gir 5 studiepoeng i reduksjon når det blir tatt saman med DIKULT100. INFO100 overlappar også med dei gamle emna INFO001 og HUIN100. For å få ein bachelorgrad ved Det samfunnsvitskaplige fakultet må minimum 10 / maksimum 20 studiepoeng innføringsemne/exfac-emne vere avlagte (utanom ex.phil.). SV-fakultetet har følgjande innføringsemne/exfac-emne: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, GLOB101, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, SANT101 og SOS100. Exfac-emne frå andre fakultet/institusjonar gir fritak for dette gradskravet. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:
- gjere greie for det teoretiske grunnlaget for å forstå hovudtrekka i informasjons- og kommunikasjonsteknologi.
- presentere kritiske perspektiv på IKT, IKT-bruk og IKT si rolle i samfunnet.
- demonstrere ei grunnleggjande forståing av informasjonsvitskaplege problemstillingar og forsking.
- delta i visse praktiske IKT-prosjekt.
- bruke utvalt programvare (t.d. personlige databasar, reknearkprogram).
- arbeide med vevutforming (¿web design¿)
Kontaktinformasjon
studieveileder@info.uib.no
Undervisningssemester
Haust
Eksamenssemester
Haust/vår
Undervisningsspråk
Norsk
Institutt
Institutt for informasjons- og medievitenskap
Mål og innhald
INFO100 skal gi ei grunnleggjande innføring i informasjons- og kommunikasjonsteknologi og denne teknologien sin plass i samfunnet. Emnet skal også gi ei grunnleggjande innføring i informasjonsvitskaplege problemstillingar og gi døme på informasjonsvitskapleg forsking og forskingsmetode. I samband med emnet vert det også gitt noko rettleiing i praktisk bruk av aktuelle maskin- og programvaretypar.
Emnet kan kort seiast å dekkje følgjande tre område:
- Kritisk perspektiv på IKT og IKT-bruk, med eit historisk og eit kulturkritisk perspektiv. Vidare inngår spørsmål om personvern, etikk, sårbarheit og sikring og IKT-politikk.
- Døme på informasjonsvitskapleg forsking, informasjonsvitskaplege problemstillingar og informasjonsvitskapleg forskingsmetode.
- Teknisk orienterte tema, blant anna datamaskinen si oppbygging og virkemåte, operativsystem, og nettverk.
I tillegg vert det gitt avgrensa rettleiing i utvalde nytteorienterte tema, t.d. personlege databasar, reknearkprogrammering og vevutforming ("web design").
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:
- gjere greie for det teoretiske grunnlaget for å forstå hovudtrekka i informasjons- og kommunikasjonsteknologi.
- presentere kritiske perspektiv på IKT, IKT-bruk og IKT si rolle i samfunnet.
- demonstrere ei grunnleggjande forståing av informasjonsvitskaplege problemstillingar og forsking.
- delta i visse praktiske IKT-prosjekt.
- bruke utvalt programvare (t.d. personlige databasar, reknearkprogram).
- arbeide med vevutforming (¿web design¿)
Krav til forkunnskapar
Ingen
Fagleg overlapp
INFO100 gir 5 studiepoeng i reduksjon når det blir tatt saman med DIKULT100. INFO100 overlappar også med dei gamle emna INFO001 og HUIN100.
For å få ein bachelorgrad ved Det samfunnsvitskaplige fakultet må minimum 10 / maksimum 20 studiepoeng innføringsemne/exfac-emne vere avlagte (utanom ex.phil.). SV-fakultetet har følgjande innføringsemne/exfac-emne: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, GLOB101, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, SANT101 og SOS100. Exfac-emne frå andre fakultet/institusjonar gir fritak for dette gradskravet.
Undervisning og omfang
Førelesingar, labøvingar og gruppeøvingar (normalt 2 timar av kvar i 11-14 veker). Det vert forventa at studentane sjølve organiserer kollokvium.
Obligatoriske arbeidskrav
Godkjende svar på obligatoriske oppgåver. Presentasjon av oppgåve(r). Obligatoriske oppgåver må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret. Dei er gyldige berre eitt semester utover det semesteret dei har vorte godkjende.
Vurderingsformer
3 timar karaktersett skriftleg prøve
Karakterskala
Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).
Emneevaluering
Emnet vert evaluert av studentar kvart 3. år, av faglærer kvart år.
Kontaktinformasjon
studieveileder@info.uib.no