Hjem
Click

Utdanning

Laveregradsstudier

Examen facultatum - Grunnkurs i informasjonsvitskap

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHøst
  • EmnekodeINFO100
  • Antall semester1
  • Språk

    Norsk

  • Ressursar

Mål og innhald

INFO100 skal gi ei grunnleggjande innføring i informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) og denne teknologien sin plass i samfunnet. Emnet skal også gi ei grunnleggjande innføring i informasjonsvitskaplege problemstillingar og gi døme på informasjonsvitskapleg forsking og forskingsmetode. I emnet inngår også arbeid med laboratorieoppgåver som gir dei første røynsler med praktisk arbeid med sentrale typar IKT-verkty.

Emnet kan kort seiast å dekkje følgjande tre område:

1. Grunnleggjande informasjons- og kommunikasjonsteknologi, blant anna datamaskinen og programvara si oppbygging og virkemåte, nettverk og databasar, informasjonssystem og brukargrensesnitt.

2. Samfunnsperspektiv på IKT, til dømes spørsmål om personvern, etikk, sårbarheit- , sikring og IKT-politikk.

3. Nokre døme på informasjonsvitskapleg forsking, informasjonsvitskaplege problemstillingar og informasjonsvitskapleg forskingsmetode.

Fagleg overlapp

INFO100 gir 5 studiepoeng i reduksjon når det blir tatt saman med DIKULT100. INFO100 overlappar også med dei gamle emna INFO001 og HUIN100.

For å få ein bachelorgrad ved Det samfunnsvitskaplige fakultet må minimum 10 / maksimum 20 studiepoeng innføringsemne/exfac-emne vere avlagte (utanom ex.phil.). SV-fakultetet har følgjande innføringsemne/exfac-emne: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, GLOB101, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, SANT100 og SOS100. Exfac-emne frå andre fakultet/institusjonar gir fritak for dette gradskravet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar, labøvingar og gruppeøvingar (normalt 2 timar av kvar i 11-14 veker). Det vert forventa at studentane sjølve organiserer kollokvium.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatoriske innleveringar av laboppgåver (80%), som må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret. Obligatorisk deltaking: Oppmøte på obligatoriske seminargrupper (minst 80%).

Undervisningssemester

Haust

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:

  • gjere greie for hovudtrekka i det teoretiske grunnlaget for informasjons- og kommunikasjonsteknologi.
  • drøfte IKT, IKT-bruk og IKT si rolle i samfunnet på ein kritisk måte.
  • demonstrere ei grunnleggjande forståing av einskilde informasjonsvitskaplege problemstillingar og forsking.
  • delta i visse praktiske IKT-prosjekt, til dømes med med vevutforming ("web design").
  • bruke utvalte IKT-verktøy og -løysningar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Vurderingssemester

Haust/vår

Vurderingsformer

3 timar karaktersett skriftleg prøve

Karakterskala

Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentar kvart 3. år, av faglærer kvart år.

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@info.uib.no