Formelle metodar for informasjonsvitskap

Fakta om studiet

EmnekodeINFO102
Studiepoeng5
UndervisingssemesterVår
Antall semester1
Undervisingsspråk
Norsk
Ressursar
TilhørerInstitutt for informasjons- og medievitenskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@info.uib.no

Mål og innhald

Emnet skal gje grunnleggjande kunnskaper om formelle omgrep og metodar nytta innanfor grener av informasjonsvitskap. Det dannar grunnlag for studier i databasar, programmering og kunstig intelligens.

Fagleg innhald:

Elementær logikk og mengdelære, relasjonar og funksjonar. Grafar og tre.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:

  • demonstrere teoretisk kunnskap om grunnleggjande omgrep knytt til logikk, mengdelære, relasjonar, funksjonar, grafar og tre.
  • gjere greie for til eit utval av andre relevante omgrep som byggjer på desse.
  • gjengi og forklare omgrep og resultat.
  • forklare, evaluere og vurdere uttrykk og resonnement der desse vert nytta.
  • demonstrere mestring av formelle uttrykksformer og metodar i eit spekter av samanhengar; frå konkret bruk i programmerings- og spørjespråk til abstrakt bruk gjennom formalisering av enklare fenomen.
  • demonstrere kjennskap til matematiske/formelle uttrykksformer og resonnement.
  • demonstrere grunnleggjande forståing av formalisering som metode og områda der denne vert nytta.

Undervisningssemester

Vår

Eksamenssemester

Vår/haust

Studienivå

Bachelor

Fagleg overlapp

Emnet overlappar 5 studiepoeng med MNF130, 5 studiepoeng mot INFO131 og 5 studiepoeng mot IV131.

Undervisning og omfang

Førelesingar, labøvingar og gruppeøvingar (normalt 4 timar forelesing, 2 timar datalab og 2 timar gruppeøving i ca. 10 veker). Det blir forventa at studentane sjølve organiserer kollokvium.

Obligatoriske arbeidskrav

To beståtte innleveringsoppgåver.

Obligatoriske oppgåver må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret. Dei er gyldige berre eitt semester utover det semesteret dei har blitt godkjende.

Vurderingsformer

3 timar skriftleg eksamen.

Karakterskala

Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentar kvart 3. år, av faglærer kvart år.