Hjem
Click

Utdanning

Laveregradsemne

Informasjon og kunnskap

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Kurset gjev eit oversyn over ulike tilnærmingar til informasjonsomgrepet, korleis informasjon og kunnskap vert modellert i ulike vitskaplege disiplinar, samt relaterte omgrep som data, kunnskap, språk, logikk og sannsyn. Målet er å gje studentane ei forståing av kva informasjon er. Dette skjer på eit breitt vitskapleg grunnlag og gjev ein kontekst for spesialisering i informasjonsvitskap.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:

  • greie ut om kva ein meiner med informasjon.
  • demonstrere overordna kunnskap om ulike måtar å modellere og analysere informasjon.
  • gjere greie for kva rolle informasjonsomgrepet spelar i ulike fagdisiplinar.
  • gje att dei vanlegaste måtane for å modellere informasjon.
  • demonstrere ei grunnleggjande forståing av relaterte modellar og omgrep frå fleire ulike fagdisiplinar.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Ope for studentar ved UiB

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Forelesingar (16-20 timar), Øvingar (16-20 timar)

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatoriske innleveringar, som må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret. Obligatorisk deltaking: Oppmøte på obligatoriske seminargrupper (minst 80%).

Vurderingsformer

3 timar skriftleg eksamen.

Karakterskala

Bokstavkarakterar (A-F)

Vurderingssemester

Vår/Haust

Emneevaluering

Kurset blir evaluert kvart tredje år og av forelesar kvart år.

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@info.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skriftleg eksamen

    Dato
    25.09.2017, 09:00
    Varigheit
    3 timer
    Trekkfrist
    11.09.2017