Gå til innhold
English A A A
Emne INFO110

Informasjonssystem

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 10
Undervisningssemester Vår
Fagleg overlapp

Full poengreduksjon mot INFO211

Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Emnet skal gi det teoretiske grunnlaget for deltaking i arbeid med informasjonssystem, enten det gjeld administrering, utgreiing- eller vurderingsarbeid eller planlegging og gjennomføring av prosjekt.

Emnet presenterer ulike typar informasjonssystem på individuelt, gruppe og organisatorisk nivå og diskuterer korleis dei på ulike måtar støttar moderne verksemder. Sentrale forhold knytt til administrering, utvikling, anskaffing, innføring, drift og vidareutvikling av informasjonssystem blir presentert og drøfta, saman med forhold knytt til tryggleik, personvern og etikk. Eit praktisk prosjekt blir gjennomført som ein obligatorisk emneoppgåve.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:

  • greie ut om føremål med og arkitekturar for informasjonssystem.
  • diskutere informasjonssystem frå eit strategisk, brukar- og prosessperspektiv.
  • demonstrere ei grunnleggjande forståing av rolla til informasjonssystem i organisasjonar og samfunn.
  • gjere greie for tryggleik, personvern og etikk i knytt til informasjonssystem.
  • gjere greie for utvikling av informasjonssystem.
  • forklare forskjellar mellom ulike måtar å utvikle informasjonssystem på.

Undervisningssemester

Vår

Eksamenssemester

Vår

Undervisningsspråk

Norsk

Studienivå

Bachelor

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitenskap

Krav til studierett

Ope

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

INFO100 eller tilsvarande

Fagleg overlapp

Full poengreduksjon mot INFO211

Undervisning og omfang

Forelesingar, karaktersett(e) oppgåve(r) og frivillige øvingar (normalt 2-4 timar forelesing og 2 timar øvingar per veke i ca. 10 veker).

Obligatoriske arbeidskrav

Ingen

Vurderingsformer

3 timar karaktersett skriftleg prøve (60%).

Mappevurdering (40%). Mappen består av individuell og/eller gruppeoppgave(r)

Karakterskala

Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentar kvart 3. år, av faglærer kvart år.

Kontaktinformasjon

studieveileder@info.uib.no