Hjem
Click

Utdanning

Laveregradsemne

Datahandtering

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeINFO125
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk eller engelsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet presenterer teori og praksis knytt til utforming og bruk av relasjons- og XML-databasar. Dette omfattar datamodellering med EER, relasjonsmodellen. databaseutforming og normalisering, spørjespråk samt prinsipp for fil-organisering og indeksering. Emnet tar også opp skillet mellom ulike typar data. Atomiske data vs strukturerte objekt, XML-modellen for semi- strukturerte og hierarkiske data. Skjemadefinisjon og spørjespråk for XML.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne

  • demonstrere rik kunnskap om datamodellering.
  • greie ut om modellar og prinsipp for lagring av ulike typar data.
  • gjere greie for ulike typar spørjespråk.
  • gjere greie for prinsipp for fil-organisering og indeksering.
  • kartleggje eit bruksområde i ein datamodell.
  • utvikle databasar for ulike typar data.
  • handtere data i databasar ved hjelp av moderne spørjespråk.
  • demonstrere praktisk erfaring med språk og verktøy for å utvikle og bruke databasar.

Tilrådde forkunnskapar

INFO102 eller tilsvarande

Krav til studierett

Ope

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Forelesingar, øvingar (normalt 4 timar forelesing og 4 timar øvingar i 8-10 veker).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatoriske innleveringar, som må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret.

Obligatorisk deltaking: Oppmøte på obligatoriske seminargrupper (minst 80%). Oppmøte på obligatoriske labgrupper (minst 80%).

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen. Alle skriftlege hjelpemiddel i papirform er tillatne på eksamen.

Hjelpemiddel til eksamen

Alle skriftlege hjelpemiddel i papirform er tillatne på eksamen.

Karakterskala

Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Fagleg overlapp

INFO125 overlappar 10 studiepoeng med INFO122 og INFO121, 5 stp med INFO123.

Vurderingssemester

Haust/vår

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentar kvart 3. år, av faglærer kvart år.

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@info.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skriftleg eksamen

    Dato
    19.12.2017, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    01.12.2017