Hjem
Click

Utdanning

Laveregradsemne

Grunnkurs i programmering

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet gjev innføring i objektorientert teori og programmering. Studentane skal læra å skriva enkle program i Java, og å forstå grunnleggande omgrep i eit moderne programmeringsspråk.

Emnet gjev ei praktisk innføring i objektorientert programmering ved bruk av programmeringsspråket Java. Emnet omfattar utforming av klassar, klassehierarki, objekt og samspel mellom objekt. Ein får også innføring i bruk av Javas klassebibliotek, modellering, utforming av grafiske brukargrensesnitt og bruk av program til simulering.

Emnet er spesielt tilpassa studentar utan realfagleg bakgrunn, og i undervisninga nyttar ein utviklingsverktøyet BlueJ, som er særskilt utvikla for innføringskurs i programmering.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne

  • gjere greie for sentrale omgrep innan objekt-orientert programmering og korleis desse vert realisert i eit moderne programmeringsspråk.
  • greie ut om eksekvering og datalagring i objekt-orienterte program.
  • forklare objekt-orienterte prinsipp og bruke desse i enkel programutvikling.
  • skrive einingstestar for å demonstrere at programmet oppfører seg korrekt.
  • demonstrere erfaring med bruk av programmeringsomgrep og programmeringskonstruksjonar.
  • demonstrere erfaring med verktøy som vert nytta for å skrive, køyre og teste enkle program.

Tilrådde forkunnskapar

INFO100 eller tilsvarande.

Krav til studierett

Ope

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar, labøvingar og oppgåveløysing (normalt 2 timar forelesing og 4 timar datalab i ca. 10 veker).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatoriske innleveringar, som må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret.

Obligatorisk deltaking: Oppmøte på obligatoriske labgrupper (minst 80%).

Vurderingsformer

4 timar karaktersett skriftleg eksamen.

Karakterskala

Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Fagleg overlapp

Emnet gjev 10 studiepoeng reduksjon saman med INF100.

Vurderingssemester

Vår/haust

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentar kvart 3. år, av faglærer kvart år.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@info.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skoleeksamen

    Dato
    20.12.2017, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    06.12.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen