Hjem
Click

Utdanning

Laveregradsemne

Klientprogrammering

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår (fyrste gong 2017)

Mål og innhald

Emnet gjev innføring i programmering av brukargrensesnitt for mobile klientar og for verdsveven ("world-wide web"). Studentane skal læra å utforme og programmere interaktive brukargrensesnitt og å forstå grunnleggjande omgrep i moderne interaktive brukargrensesnitt i mobile klientar og på verdsveven («world wide web»).

Emnet føresett grunnleggjande forståing av objektorientert programmering og gjev ei innføring i aktuelle teknologiar og standardar for formatering, visualisering og programmering av vevsider, samt bruk av RESTfulle vevtenester og datalagring i skya. Emnet er spesielt tilpassa studentar utan realfagleg bakgrunn.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

  • gjere greie for sentrale omgrep i moderne interaktive brukargrensesnitt på mobile klientar og på verdsveven
  • lage vevsider i HTML5 og CSS
  • programmere interaktive vevsider med JavaScript, DOM og andre aktuelle API-ar
  • demonstrere erfaring med bruk av JSON, REST-tenester og MongoDB i skya
  • demonstrere erfaring med verktøy som vert nytta for å skrive, køyre og teste enkle program.

Krav til forkunnskapar

INFO132 eller tilsvarende.

Krav til studierett

Ope

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Forelesingar og datalabgrupper.

(Normalt 2 timar forelesing og 4 timar datalab i ca. 10 veker).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk deltaking: Oppmøte på obligatoriske labgrupper (minst 80%).

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

3 timars skriftleg eksamen (40%)

Prosjektoppgåve i gruppe (60%)

Karakterskala

Bokstavkarakterar med skalaen A, B, C, D, E, F

Fagleg overlapp

Ingen

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentar kvart 3. år, av faglærer kvart år.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet v/ Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studieveileder@info.uib.no

Tlf 55 58 90 00

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skoleeksamen og prosjektoppgave

    Trekkfrist
    11.09.2017
    • Eksamensdel: Prosjektoppgåve

    • Eksamensdel: Skoleeksamen

  • Vurderingsordning: Skoleeksamen og prosjektoppgave (Ny eksamen)

    • Eksamensdel: Prosjektoppgåve

    • Eksamensdel: Skoleeksamen