Sosial nettverksteori
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 10 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne
- demonstrere teoretisk kunnskap om teoretiske modellar, omgrep og resultat relatert til modellering og analyse av sosiale nettverk, utvikla i fleire fagdisiplinar.
- gjengi og forklare dei viktigaste matematiske modellane for sosiale nettverk og sosial interaksjon, samt relaterte omgrep.
- gjengi og forklare de viktigaste vitskapelege resultata relaterte til slike modellar.
- nytte ulike teoretiske verktøy for å analysere sosiale nettverk.
- velje ein passande matematiske modell for å lage ein abstraksjon av eit gitt type fenomen i eit gitt sosialt nettverk, og kunne nytte omgrep og teknikkar for å analysere slike modellar.
- demonstrere ei grunnleggjande forståing av relaterte matematiske modellar og omgrep frå fleire ulike fagdisiplinar.
Kontaktinformasjon
studieveileder@info.uib.no
Undervisningssemester
Haust
Eksamenssemester
Haust og vår
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Bachelor
Institutt
Institutt for informasjons- og medievitenskap
Krav til studierett
Ope
Mål og innhald
Emnet gir eit oversyn over korleis teoretiske rammeverk frå ulike fagområde kan nyttast til å modellere og analysere komplekse sosiale nettverk. Sosial nettverksteori hjelper oss å forstå strukturen i ulike sosiale nettverk, korleis dei utviklar seg, korleis kommunikasjon i sosiale nettverk går føre seg, og korleis nettverk dannar grunnlag for samhandling. Nettverksomgrepet er sentralt i mange fag, blant anna økonomi, sosiologi, informatikk, informasjonsvitskap og matematikk. Ei tverrfagleg tilnærming til sosiale nettverk gir moglegheit for å analysere fellestrekk ved tilsynelatande ulike fenomen, frå korleis informasjon, meiningar og oppførsel spreiar seg i elektroniske sosiale nettverk til korleis epidemiar og finansielle kriser utviklar seg til korleis søkjemaskinar nyttar lenkene mellom websider for rangering av sider i et websøk. Dei store datamengdene i applikasjonane i dag gjer at effektive algoritmar må nyttast.
Emnet vert undervist i samarbeid mellom Institutt for informasjons- og medievitskap og Institutt for informatikk.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne
- demonstrere teoretisk kunnskap om teoretiske modellar, omgrep og resultat relatert til modellering og analyse av sosiale nettverk, utvikla i fleire fagdisiplinar.
- gjengi og forklare dei viktigaste matematiske modellane for sosiale nettverk og sosial interaksjon, samt relaterte omgrep.
- gjengi og forklare de viktigaste vitskapelege resultata relaterte til slike modellar.
- nytte ulike teoretiske verktøy for å analysere sosiale nettverk.
- velje ein passande matematiske modell for å lage ein abstraksjon av eit gitt type fenomen i eit gitt sosialt nettverk, og kunne nytte omgrep og teknikkar for å analysere slike modellar.
- demonstrere ei grunnleggjande forståing av relaterte matematiske modellar og omgrep frå fleire ulike fagdisiplinar.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
INFO102 eller MNF130 eller tilsvarande
Undervisning og omfang
Førelesingar 2 timar per veke i 12-16 veker. Gruppeøvingar 2 timar per veke i 12-16 veker
Obligatoriske arbeidskrav
5 obligatoriske oppgåver må løysast og godkjennast.
Obligatoriske oppgåver må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret. Dei er gyldige berre eitt semester utover det semesteret dei har blitt godkjende.
Vurderingsformer
Skriftleg fire timar. Ingen hjelpemiddel tillete
Karakterskala
A-F
Emneevaluering
Emnet vert evaluert av studentar kvart 3. år, av faglærer kvart år.
Kontaktinformasjon
studieveileder@info.uib.no