Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Avansert programmering

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Emnet introduserer metodar og teknikkar brukt i utvikling av moderne programvare for informasjonssystem. Dette omfattar objekt-orientert design, programmeringsteknikkar, datastrukturar og algoritmar. Målet er å gje studenten kunnskap og øving i programmering på eit nivå som gjev grunnlag for å utvikle program til nytte i eige studentarbeid i informasjonsvitskap og å delta som programmerar i større prosjekt for utvikling av informasjonssystem.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap: Kandidaten

  • har kunnskap om objekt-orientert design av program for informasjonssystem.
  • har kunnskap om datastrukturar for organisering av informasjon.
  • kjenner til ulike teknologiar og rammeverk for utvikling av program for større
  • informasjonssystem.
  • har ei grunnleggjande forståing av korleis dei teoretiske og teknologiske omgrepa
  • i programmering og programdesign støttar opp om praktisk
  • informasjonssystemutvikling.

Ferdigheit: Kandidaten

  • kan nytte algoritmar for effektiv handsaming av informasjon.
  • kan designe, implementere og teste programvare for større informasjonssystem.
  • har erfaring med praktisk bruk av objekt-orientert design, datastrukturar og
  • algoritmar, og utvalde teknologiar i programmering av ikkje-trivielle informasjonssystem.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

INFO132 eller tilsvarande

Krav til studierett

Ope

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar (30-40 timer), Øvingar, Programmeringslab (48 timer).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatoriske innleveringar, som må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret.

Obligatorisk deltaking: Oppmøte på obligatoriske labgrupper (minst 80%).

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen

Karakterskala

Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Fagleg overlapp

INF 101 informatikk (10stp) og med INFO231 (10 stp)

Vurderingssemester

Vår/haust

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentar kvart 3. år, av faglærar kvart år.

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    28.09.2017, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    11.09.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted