Hjem

Utdanning

Masteremne

IKT-støtta samarbeid (CSCW)

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeINFO362
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår/Uregelrett

Mål og innhald

Seminaret skal gi den naudsynte bakgrunnen i teori og praksis innan fagområda IKT-støtta samarbeid (CSCW) og gruppevaresystem (groupware). Seminaret skal gjere studentane fortrulege med litteraturen i CSCW og gi dei relevant erfaring i presentasjon og diskusjon av aktuelle forskingstema. Studentane skal få opplæring i bruk av aktuelle gruppevaresystem som de vil kunne bruke til å løyse ei større seminaroppgåve.

Seminaret vert fokusert rundt presentasjon og diskusjon av ei rekke aktuelle tema innan fagfelta CSCW og gruppevare. Dei ulike tema er organiserte i bolkar, tentativt:

  1. System og teknologiar,
  2. Evaluering og kasusstudium,
  3. Aktørar, verktøy og kommunikasjon,
  4. Teoriar om arbeid, kommunikasjon og design,
  5. Sosiale nettverk og analyse,
  6. Koordinering og samarbeid,
  7. Spesielle tema innan læring, design og brukartilpassing.

I tillegg vil ein gjennomgå og demonstrere aktuelle gruppevaresystem. Disse systema (eitt eller fleire) vil så bli nytta til å løyse ei seminaroppgåve.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap: Kandidaten

  • kjenner teori og praksis i forskingsfeltet Computer Supported Cooperative Work (CSCW).
  • kjenner historia til fagfeltet og ulike forskingstradisjonar, forskingslitteratur og problemstillingar i CSCW.

Ferdigheitar: Kandidaten

  • kan identifisere og analysere problemstillingar og løysningar med utgangspunkt i korleis informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) kan støtte samarbeid og kommunikasjon i arbeidssettingar.
  • kan setje seg inn i og forstå ny forsking på fagfeltet og vurdere ulike metodiske tilnærmingar til forsking på og evaluering av samarbeidsteknologiar.
  • kan presentere og diskutere aktuelle forskingstema.
  • kan nytte det teoretiske og forskingsmetodiske grunnlaget innan IKT-støtta samarbeid (Computer Supported Cooperative Work).
  • kan leie arbeid med planlegging, utforming, identifisering og evaluering av samarbeids- og kommunikasjonsløysingar i offentlege og private verksemder.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad i informasjonsvitskap eller tilsvarande

Krav til studierett

Master i informasjonsvitskap. Studentar på andre mastergradar kan søkje om å få ta emnet.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, øvingar, presentasjonar og gjennomgang av litteratur.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk deltaking: Obligatorisk oppmøte på all undervisning (minst 80%).

Vurderingsformer

Semesteroppgåve, gruppe (40%)

Mappevurdering (30%)

  • refleksjonsnotat over eiga deltaking
  • eit utval av minst to mindre arbeid og innleveringer

Munnleg eksamen (30%)

Karakterskala

Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Vurderingssemester

Vår/Uregelrett

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentar kvart 3. år, av faglærer kvart år.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@ifi.uib.no