Hjem
Click

Utdanning

Masteremne

Masteroppgåve i informasjonsvitskap

Undervisningssemester

Vår/haust

Mål og innhald

Masteroppgåva skal vere eit sjølvstendig forskingsarbeid under rettleiing om eit relevant tema innanfor informasjonsvitskap. Studenten skal vise at ho/han har og kan nytte avansert kunnskap og vitskapleg metode innanfor fagområdet. Vidare skal studenten meistre bruk av kjelder. Framstillinga skal gjere greie for problemstilling, metode og resultat og skal syne at studenten meistrar fagområdet sine uttrykksformer.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne

  • demonstrere kunnskap og forståing innanfor fagfeltet, både brei kunnskap innan informasjonsvitskap og viktig djupare kunnskap innan relevante forskingsfelt.
  • bruke og integrere relevante forskingsmetodar på eit systematisk vis.
  • demonstrere evner til å finne fram til, assimilere innhaldet i, kritisk vurdere og relatere arbeidet til relevante litteratur.
  • planleggje, gjennomføre og dokumentere eit sjølvstendig forskingsprosjekt
  • formulere forskingsspørsmål og velje ei relevant teoretisk og metodisk tilnærming for å løyse desse.
  • ta initiativ med omsyn til planlegging og utføring av forsking innan bestemte tidsfristar.
  • søkje naudsynt rettleiing og støtte frå rettleiar.
  • demonstrere evne til akademisk skriving.
  • demonstrere evne til å presentere og diskutere eiga forsking munnleg og skriftleg.

uttrykkje sjølvstendige refleksjonar omkring og haldningar til eiget og nært relaterte forskingsfelt.

Krav til forkunnskapar

INFOMEVI300

Krav til studierett

Mastergradsstudentar i informasjonsvitskap.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Rettleiing på masteroppgåve.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Deltaking på midtveisseminar
  • Etter at masteroppgåva er innlevert, skal studenten gi ein individuell presentasjon på 30 minutt av masteroppgåva, med etterfølgjande diskusjon. Eksamenskommisjonen vurderer presentasjonen til godkjend/ikkje godkjend. Dersom presentasjonen ikkje kan godkjennast, vil studenten få høve til å gi ein ny presentasjon utan å levere oppgåva på nytt. Dette må gå føre seg innanfor same semester som da oppgåva vart levert. Det obligatoriske arbeidskravet er ikkje gyldig utover det semesteret dei vert godkjende.

Vurderingsformer

Masteroppgåve. I tilfelle klage vil masteroppgåva bli vurdert på nytt.

Dersom masteroppgåva er eit samarbeidsprosjekt, må det må kome tydeleg fram i rettleiingsavtala og i innleiinga til oppgåva korleis masterprosjektet er delt mellom studentane.

Karakterskala

Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Vurderingssemester

Vår/haust

Emneevaluering

INFO390 er gjenstand for kontinuerlig evaluering.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@info.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Masteroppgåve

    Innleveringsfrist
    01.12.2017, 00:00
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen