Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Journalistisk prototype

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeINFOMEVI173
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Målet er å gje studentane ferdigheiter i å laga ein journalistisk prototype for mobiltelefon, smartklokke, lesebrett eller liknande. Tradisjonelle krav til god journalistikk skal ivaretakast samstundes som ei original og innovativ teknisk løysing vert laga.

Kurset er eksperimentelt innretta. Studentane skal utvikla ein fungerande prototype der ny teknologi vert brukt til eit journalistisk føremål. Innhaldet skal ta form av tekst, foto, lyd og/eller video. Grensesnittet skal ta i bruk geolokasjon, dynamiske kart, og informasjon frå kamera, mikrofon, akselerometer, kompass, og andre sensorar.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:

  • designa ein grafisk profil og interaksjondesign for grensesnittet
  • programmera funksjonalitet til prototypen
  • nytta tekst, foto, lyd og video journalistisk på mobile einingar
  • nytta geo-lokasjon til å laga visningar av journalistiske saker
  • samarbeida om planlegging og utvikling i grupper

Tilrådde forkunnskapar

INFOMEVI106 Introduksjon til film-/tv, journalistikk og nye medier

INFOMEVI171 Nye medier: produksjon og analyse

Krav til studierett

Emnet er reservert for studentar ved bachelorprogrammet i nye medier.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert gitt i form av plenumssamlingar, teknisk opplæring og utviklingsarbeid under rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte på plenumssamlingar og tekniske kurs, og deltaking i praktiske produksjonar.

Vurderingsformer

Mappe som inneheld eit gruppebasert journalistisk mediedesign for mobiltelefonar (50 % av karakteren) og eit individuelt journalistisk bidrag til mediedesignet (50 % av karakteren).

Karakterskala

Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Fagleg overlapp

Emnet har full overlapp med MEVI153 Reportasje og dokumentar

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentane kvart 3.år, av faglærar kvart år.

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitenskap

Kontakt