Teknologi, kultur og samfunn

Fakta om studiet

EmnekodeINFOMEVI201
Studiepoeng15
UndervisingssemesterHøst
Antall semester1
Undervisingsspråk
Norsk eller engelsk
Ressursar
TilhørerInstitutt for informasjons- og medievitenskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@media.uib.no

Mål og innhald

Emnet siktar mot ei teoretisk fordjuping i mediene og kommunikasjonsteknologiane sine skiftande roller i samfunnet. INFOMEVI201 søkjer å kaste lys over forholdet mellom medier, samfunn og kultur i eit langsiktig historisk perspektiv. Det sentrale spørsmålet emnet søkjer å avklare er tosidig: På den eine sida dreier det seg om å få tak på den rolla mediene og kommunikasjonsteknologiane har hatt i framveksten av moderne samfunns- og kulturformer, på den andre sida om å vinne innsikt i nokre av dei sosiale og kulturelle føresetnadene for at mediene og teknologiar er blitt oppfunne og tekne i bruk. Dette kurset dreier seg altså mindre om innhaldet i massekommunikasjon enn om mediene sjølve, sett som informasjons- og kommunikasjonsteknologiar.

Undervisningssemester

Haust

Vurderingssemester

Haust/vår

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Krav til studierett

Ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar og seminar gjennom heile semestret

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking i seminargruppe og godkjent skriftleg seminaroppgåve på 3-4 sider.

Obligatoriske arbeid som er godkjende har ingen tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Ein 4-dagers heimeeksamen. Besvarelsen skal være på maks 4000 ord eksklusive referanseliste.

Karakterskala

Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentane kvart 3.år, av faglærer kvart år