Hjem
Click

Utdanning

Laveregradsemne

Bacheloroppgåve i nye medier

  • Studiepoeng30
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeINFOMEVI270
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Målet med emnet er å styrkje studentane sine analytiske evner gjennom arbeid med og evaluering av eigen produksjon. Samtidig er målet å gi studentane erfaring med ein stor, praktisk medieproduksjon, både i forhold til faglege utfordringar og med tanke på samarbeid i små grupper. Studentane samarbeider i grupper om gjennomføringa av ein større praktisk medieproduksjon. Emnet gir vidare ei fordjuping i utvalde spesialiseringar og styrkjer samarbeidsevnene blant studentane. I tillegg omfattar emnet eit individuelt analytisk arbeid (produksjonsrapport) i tilknyting til den praktiske produksjonen.

Læringsutbyte

Etter avslutta emne kan kandidaten

  • ta på seg eit oppdrag for ein ekstern oppdragsgivar, kommunisera under arbeidet, og levera eit produkt i samsvar med oppdraget
  • avgrensa ein stor tematikk, peika ut krav, planlegga arbeidet, kommunisera med oppdragsgivar og medstudentar
  • gjennomføra stort, praktisk utviklingsprosjekt i samarbeid med to eller tre andre studentar
  • læra ein eller fleire vanskelege nye ferdigheiter i løpet av kurset, til dømes eit nytt programspråk, ein ny sjanger, etc.
  • utføra spesielt kompetent arbeid innafor enten design, programmering, brukartesting, videoproduksjon eller journalistikk
  • anvenda metodiske og teoretiske innsikter til å formulera ein sjølvstendig posisjon i forhold til utviklingsarbeidet
  • formulera seg kritisk om eigen innsats, og evaluera prosjektet i heilskap

Krav til forkunnskapar

MEVI106/INFOMEVI106

Studiepoengsreduksjon

Emnet har fullt overlapp med MIX250

Krav til studierett

Emnet er reservert studentar på bachelorprogrammet i nye medier.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Gruppearbeid under rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Praksisperiode som må godkjennast av kursleiar. Obligatorisk deltaking i produksjonsarbeid.

Vurderingsformer

Evalueringsgrunnlaget er eit større internettbasert produksjons- og formidlingsarbeid, pluss skriftleg rapportering og analyse. Det er eit felles designprodukt og ein felles rapport (tilsaman 50 %), pluss ei individuell fagleg analyse som kan forholda seg friare til sjølve produksjonen (50 %).

Karakterskala

Bokstavkarakterar (A-F).

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Opplegget og undervisninga vert evaluert i slutten av semesteret.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@media.uib.no