Prosjektarbeid og forskingsdesign
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Vår |
| Fagleg overlapp | Full overlapp mot INFO300 og MEVI300 |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad eller tilsvarande.
Læringsutbyte
Studentane skal ha utvikla ei forståing for forskingsprosessen der eit opphavleg tema vert vidareutvikla, avgrensa og formulert som ei forskbar og eksplisitt problemstilling. Studenten skal ha fått ei større innsikt i dei sentrale forskingsmiljøa på instituttet, korleis søkje etter litteratur og andre relevante data, den akademiske skriveprosessen og dei genremessige krav til masteroppgåva, og korleis utforme eit metodisk opplegg som passar til problemstillinga. Gjennom å skrive ei omfattande prosjektskisse, og å mottake og gi tilbakemeldingar på andre sine prosjektskisser vil både dei auke sin kompetanse til akademisk argumentasjon og vurdering av fagleg kvalitet i tekstar, samt demonstrere si emne til å gjennomføre og rapportere frå eit forskingsprosjekt på mastergradsnivå.
Kurset skal fungere som del av den overordna ramma for arbeidet med masteroppgåva.
Kontaktinformasjon
studieveileder@mevi.uib.no; studieveileder@info.uib.no
Undervisningssemester
Vår
Eksamenssemester
Haust og vår
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Master
Krav til studierett
Emnet er reservert studentar på masterprogramma i informasjonsvitskap og i medievitskap.
Mål og innhald
Målet med kurset er å få studentane tidleg i gong med arbeidet med masteroppgåva gjennom å gi praktisk og handverksmessig kunnskap om korleis ein gjennomfører eit masteroppgåveprosjekt frå idé til eit tilnærma fyrsteutkast. Gjennom utarbeiding av ei omfattande prosjektskisse (15-20s) skal dei få auka innsikt i akademisk skriving, litteratursøking og forskingsdesign meir allment, med særskild vekt på val av relevant teori og metode og ei fornuftig avgrensing av prosjektet. Prosjektskissa dannar grunnlaget for masteroppgåva.
Læringsutbyte/resultat
Studentane skal ha utvikla ei forståing for forskingsprosessen der eit opphavleg tema vert vidareutvikla, avgrensa og formulert som ei forskbar og eksplisitt problemstilling. Studenten skal ha fått ei større innsikt i dei sentrale forskingsmiljøa på instituttet, korleis søkje etter litteratur og andre relevante data, den akademiske skriveprosessen og dei genremessige krav til masteroppgåva, og korleis utforme eit metodisk opplegg som passar til problemstillinga. Gjennom å skrive ei omfattande prosjektskisse, og å mottake og gi tilbakemeldingar på andre sine prosjektskisser vil både dei auke sin kompetanse til akademisk argumentasjon og vurdering av fagleg kvalitet i tekstar, samt demonstrere si emne til å gjennomføre og rapportere frå eit forskingsprosjekt på mastergradsnivå.
Kurset skal fungere som del av den overordna ramma for arbeidet med masteroppgåva.
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad eller tilsvarande.
Fagleg overlapp
Full overlapp mot INFO300 og MEVI300
Undervisning og omfang
Førelesning og seminar. Individuell og plenumsbasert rettleiing.
Ca. 2 timar undervisning per veke i ca. 12-14 veker
Obligatoriske arbeidskrav
Det er tre obligatoriske innleveringar. Etter fire veker skal studentane levere eit kortare framlegg til prosjektskildring på 3-4 sider. Etter åtte veker skal studenten levere eit fyrsteutkast på 10-15 sider. Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i eitt semester utover undervisningssemesteret. Ved kursslutt skal studenten levere eit endeleg utkast på 15-20s. Dette siste utgjer eksamen.
Det er obligatorisk oppmøte.
Vurderingsformer
Prosjektskildring.
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Emneevaluering
Opplegget og undervisninga vert evaluert i slutten av semesteret.
Kontaktinformasjon
studieveileder@mevi.uib.no; studieveileder@info.uib.no