Italiensk litteratur
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Italiensk og norsk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Etter fullført emne skal kandidatane
- ha kunnskap om pensumtekstane og kjennskap til deira kulturelle kontekst
- ha kunnskap om hovudlinene i italiensk litteraturhistorie frå det 19. hundreåret og fram til vår tid
- ha kunnskap om nokre sentrale litterære teknikkar og deira bruk i dei ulike tekstsjangrane
- kunne gjere greie for tematiske og formelle aspekt ved pensumtekstane på italiensk
- kunne plassere pensumtekstene i høve til hovudlinene i italiensk litteraturhistorie
- kunne anvende dei kunnskapane ein har skaffa seg om litterære teknikkar og tema i sjølvstendige analysar og drøftingar av pensumtekstar
- kunne vidareutvikle kunnskapane, dugleiken og forståinga si av italienskspråkleg litteratur gjennom vidare studium.
Kontaktinformasjon
studierettleiar@if.uib.no
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsspråk
Italiensk og norsk
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
Mål og innhald
Emnet skal gje ei innføring i italienskspråkleg litteratur og litteraturhistorie frå det 19. hundreåret fram til vår tid. Formålet er å utvikle evna hjå studentane til å lese og tolke skjønnlitterære tekstar gjennom øving i litterær analyse og kunnskap om dei aktuelle periodane og forfattarane. I studiet av tekstane blir merksemda retta mot dei litterære og språklege verkemidla og korleis tekstane er knytte til italiensk historie og kultur.
Læringsutbyte/resultat
Etter fullført emne skal kandidatane
- ha kunnskap om pensumtekstane og kjennskap til deira kulturelle kontekst
- ha kunnskap om hovudlinene i italiensk litteraturhistorie frå det 19. hundreåret og fram til vår tid
- ha kunnskap om nokre sentrale litterære teknikkar og deira bruk i dei ulike tekstsjangrane
- kunne gjere greie for tematiske og formelle aspekt ved pensumtekstane på italiensk
- kunne plassere pensumtekstene i høve til hovudlinene i italiensk litteraturhistorie
- kunne anvende dei kunnskapane ein har skaffa seg om litterære teknikkar og tema i sjølvstendige analysar og drøftingar av pensumtekstar
- kunne vidareutvikle kunnskapane, dugleiken og forståinga si av italienskspråkleg litteratur gjennom vidare studium.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
For å gjennomføre emnet med godt resultat, trengst det førekunnskapar i italiensk som svarar til nivå 2 frå vidaregåande skole, eller til nivået frå ITAL001.
Studentane bør ta våremna ITAL111 og ITAL113 før haustemna ITAL112 og ITAL114.
Undervisning og omfang
Førelesingar, oppgåvekurs, rettleiing i samband med semesteroppgåva.
Om lag 6 timar undervisning kvar veke i 12 veker.
Obligatoriske arbeidskrav
Semesteroppgåva er rettleidd, og studentane må delta på eit obligatorisk rettleiingsmøte med faglærar for å ha høve til å levere oppgåva.
Vurderingsformer
Eksamen er ei semesteroppgåve på om lag 2000 ord skriven på tre veker. Oppgåva skal skrivast på italiensk med obligatorisk rettleiing frå faglæraren parallelt med undervisninga på slutten av semesteret (40 prosent). Den andre delen av eksamen er ei munnleg prøve på italiensk (60 prosent). Begge deleksamenane må vere greidde i same semester.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
I pensumoversynet på internett ligg det opplysningar om kva tekstar som til ei kvar tid er pensum.
Ein lyt òg skaffe seg grundigare kjennskap til forfattarane som er på pensum. Stoff om dei einskilde forfattarane finst i litteraturhistorier, leksika og kommentarbøker til pensumverka.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
studierettleiar@if.uib.no