Gå til innhold
English A A A
Emne ITAL113

Italiensk kulturkunnskap

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Vår
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Italiensk og norsk

Krav til forkunnskapar

Ingen

Læringsutbyte

Tileigning av basiskunnskap om italiensk historie og samfunnstilhøve er nøye knytt til trening i å lese og uttrykkje seg skriftleg og munnleg på italiensk om desse emna.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsspråk

Italiensk og norsk

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Mål og innhald

Studenten skal få ei innføring i italiensk historie frå om lag 1800 og fram til i dag, og ei innføring i dei politiske, kulturelle og samfunnsmessige tilhøva i det 20. hundreåret. Emnet vektlegg òg tekstforståing.

Læringsutbyte/resultat

Tileigning av basiskunnskap om italiensk historie og samfunnstilhøve er nøye knytt til trening i å lese og uttrykkje seg skriftleg og munnleg på italiensk om desse emna.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

For å gjennomføre emnet med godt resultat, trengst det førekunnskapar i italiensk som svarar til nivå 2 frå vidaregåande skole eller til nivået frå ITAL001.

Undervisning og omfang

Undervisninga har form av oversynesførelesingar, munnlege øvingar og skriftlege øvingsoppgåver.

Det vert undervist 6 timar kvar veke 12 veker.

Obligatoriske arbeidskrav

Studentane må delta på eit obligatorisk rettleiingsmøte med faglærer for å få høve til å levere eksamensoppgåva.

Vurderingsformer

Eksamen er ei semesteroppgåve på om lag 1800 ord skriven på tre veker og ein munnleg eksamen. Oppgåva skal skrivast på italiensk. Ved fastsetjing av endeleg karakter i emnet tel semesteroppgåva 40 % og munnleg eksamen 60 %.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Læremiddelomtale

Det faste pensumet blir spesifisert i pensumoversynet som gjeld for kvart emne.

Undervisningssted

Bergen

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no