Italiensk språk II
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Italiensk og norsk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Emnet legg til rette for at studentane skal få utvida og styrkt kunnskapane sine i italiensk grammatikk og ordforråd og auka dugleik i bruk av språket både munnleg og skriftleg.
Kontaktinformasjon
studierettleiar@if.uib.no
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsspråk
Italiensk og norsk
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
Mål og innhald
Emnet skal gje studentane høve til å arbeide vidare med italiensk både teoretisk og praktisk. Det kombinerer difor studiet av grammatikk med praktiske øvingar som skal fremje dei leksikalske kunnskapane og gje innsikt i grunnleggjande prinsipp for tekstkomposisjon på italiensk.
Ved språktreninga blir det teke utgangspunkt i munnlege og skriftlege tekstar. Det blir arbeidd både med omsetjing til og frå italiensk og friare øvingar som til dømes resyme, essay, munnleg presentasjon og intervju.
Læringsutbyte/resultat
Emnet legg til rette for at studentane skal få utvida og styrkt kunnskapane sine i italiensk grammatikk og ordforråd og auka dugleik i bruk av språket både munnleg og skriftleg.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
For å gjennomføre emnet med godt resultat, trengst det førekunnskapar i italiensk som svarar til nivå 2 frå vidaregåande skole eller til nivået frå ITAL001.
Studentane blir oppmoda om å ta våremna ITAL111 og ITAL113 før dei tek til med haustemna ITAL112 og ITAL114.
Undervisning og omfang
Undervisninga i munnleg bruk av italiensk vert organisert som arbeidsseminar. Undervisninga i skriftleg italiensk vert gjeven i førelesingar med tilhøyrande skriftlege øvingar.
Omfanget av emnet er 4 timar undervisning per veke i 12 veker, 2 timar i munnleg italiensk og 2 timar i skriftleg bruk av språket.
Obligatoriske arbeidskrav
Ingen
Vurderingsformer
Eksamen i emnet er todelt:
- Ei munnleg prøve basert på ein ukjend tekst av det slaget det har vore arbeidd med i undervisninga. Kandidaten får høve til å gjere seg kjend med teksten før prøva.
- Ei skriftleg prøve på 4 timar som inneheld ei oppgåve med omsetning frå italiensk til norsk og ei oppgåve skriven på italiensk av det slaget det elles har vore arbeidd med i undervisninga.
Dei to prøvene er sjølvstendige delar av eksamen i emnet, og tel 50 prosent kvar av den samla karakteren i emnet. Begge eksamensdelane må vere greidde i same semester. Studentane har høve til å nytte si eiga italiensk-italienske ordbok under eksamen. Ordboka skal vere fri for tilføyingar.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Pensum vert spesifisert i det pensumoversynet som gjeld til ei kvar tid.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
studierettleiar@if.uib.no