Gå til innhold
English A A A
Emne ITAL201

Italiensk grammatikk og omsetjing

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Vår
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Italiensk

Krav til forkunnskapar

Ingen

Læringsutbyte

Ved fullført emne skal kandidaten:

  • ha ein djupare innsikt i språkvitskaplege omgrep og apparat for grammatisk analyse,
  • ha ein djupare kunnskap om italiensk språkstruktur
  • ha evne til å uttrykkje seg skriftleg på italiensk og vere i stand til å skrive resonnerande tekstar på italiensk
  • omsetje middels vanskelege tekstar innan ulike sjangrar
  • ha innsikt i kontrastive problemstillingar i omsetjing mellom norsk og italiensk
  • kunne vidareutvikle kunnskap og dugleik på sjølvstendig vis

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsspråk

Italiensk

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Mål og innhald

Emnet skal gje kjennskap til italiensk språk av i dag basert på eit pensum i grammatikk, som normalt vil vere på italiensk.

ITAL201 kombinerer grammatikk og omsetjing til norsk basert på eit teoripensum og praktiske øvingar.

Læringsutbyte/resultat

Ved fullført emne skal kandidaten:

  • ha ein djupare innsikt i språkvitskaplege omgrep og apparat for grammatisk analyse,
  • ha ein djupare kunnskap om italiensk språkstruktur
  • ha evne til å uttrykkje seg skriftleg på italiensk og vere i stand til å skrive resonnerande tekstar på italiensk
  • omsetje middels vanskelege tekstar innan ulike sjangrar
  • ha innsikt i kontrastive problemstillingar i omsetjing mellom norsk og italiensk
  • kunne vidareutvikle kunnskap og dugleik på sjølvstendig vis

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

ITAL201 føreset førekunnskapar som svarar til emna på 100-nivå.

Undervisning og omfang

Kvar student får tilbod om 4 timar undervisning i veka i 12 veker:

2 timar seminar i omsetjing frå italiensk til norsk

2 timar førelesing i italiensk grammatikk.

Obligatoriske arbeidskrav

Studentar som skal ta eksamen i ITAL201 må ha levert ei godkjend omsetjing frå italiensk til norsk med eit refleksjonsnotat på ca 1000 ord.

Vurderingsformer

Eksamen i emnet er todelt:

Ei prøve på tre timar i grammatikk og ei prøve på 3 timar i omsetjing frå italiensk til norsk. Grammatikkoppgåva vil vera på italiensk, og det skal svarast på italiensk.

Dei to prøvene er sjølvstendige delar av eksamen i emnet og tel kvar 50 prosent av den samla karakteren i emnet. Begge eksamendelane må vere greidde i same semester. Studentane har høve til å nytte si eiga italiensk-italienske ordbok under eksamen. Ordboka skal vera fri for tilføyingar.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Læremiddelomtale

Omsetjingsdelen har eit teoripensum i omsetjingsvitskap. Grammatikkdelen har eit pensum som normalt vil vere ein grammatikk på italiensk. Pensum vert spesifisert i det pensumoversynet som gjeld til ei kvar tid.

Undervisningssted

Bergen

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no