Gå til innhold
English A A A
Emne ITAL302

Italiensk litteratur: tekstsudium og teori

Undervisningsperiode :

Aktuelle studieprogram

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Haust
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

ITAL302 skal gje utvida kunnskapar om italiensk litteratur og øve opp ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur. Emnet skal òg gje innsikt i nokre sentrale litteraturvitskaplege teoriar.

Emnet inneheld to komponentar: ein teoretisk og metodisk del og ein skjønlitterær del. Hovudføremålet med emnet er å presentera nokre sentrale teoriar og metodar som har relevans for italiensk litteraturvitskap. Dessutan skal det gje ein breiare kjennskap til italiensk litteratur gjennom fordjuping i utvalde litterære verk. På denne måten skal emnet gje masterkandidatane eit betre grunnlag for å velja emne og teoretisk ramme for masteroppgåva.

Læringsutbyte/resultat

Ved fullført emne skal kandidaten

  • ha kunnskap om nokre grunnleggjande teoriar innanfor moderne litteraturvitskap
  • ha kunnskap om metodar som er relevante for litteraturvitskaplege problemstillingar
  • ha spesialkunnskapar om einskilte skjønnlitterære verk, emne eller sjangrar og kjennskap til den kulturhistoriske samanhengen dei står i
  • kunne arbeida sjølvstendig med problemløysing på grunnlag av faglege kunnskapar
  • kunne drøfta den relevansen dei teoriar og metodar ein har skaffa seg innsikt i, har i høve til ei konkret problemstilling
  • kunne bruka på sjølvstendig måte dei teoretiske reiskapane ein har skaffa seg i tekstanalyse

sjølvstendig kunne halda fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsspråk

Italiensk

Studienivå

Master

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i italiensk ved Universitetet i Bergen.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i italiensk.

Tilrådde forkunnskapar

Italiensk 100- og 200-nivå eller tilsvarande.

Undervisning og omfang

Seminar, førelesingar, skriveverkstad og rettleiing.
Om lag 4 timar i veka i 12 veker 

Obligatoriske arbeidskrav

For å kunna gå opp til eksamen i dette emnet må studenten ha fått godkjent ei oppgåve i skjønlitterær analyse (på om lag 3000 ord).

Vurderingsformer

ITAL302 har ein skriftleg skoleeksamen på 6 timar. Studentane har høve til å nytta italiensk-italiensk ordbok under eksamen. Ordboka skal vera fri for tilføyingar.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Læremiddelomtale

Litteraturvitskapleg teori og metode:
om lag 200 sider.
I tillegg kjem 5 skjønnlitterære verk.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no