Japan: Kultur og samfunn
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Annakvar vår (partalsår) |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Studiet gir breie kunnskapar i realia (geografi, historiske epokar), og forståing for Japans kulturelle verdigrunnlag og historiske utvikling. Det blir kasta lys over ulike sider ved det moderne samfunnet, som utdanning, arbeidsliv, religiøsitet, familieproblematikk, minoritetar og tilhøvet til nabostatane.
For dei som studerer det japanske språket, er dette emnet ei hjelp til å setja språket inn i ein vidare samanheng.
JAP101 eller tilsvarande er obligatorisk i ei spesialisering i japansk ved UiB.
Kontaktinformasjon
studierettleiar@if.uib.no eller studieveileder@if.uib.no
Undervisningssemester
Annakvar vår (partalsår)
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
Mål og innhald
Målet er å gi basiskunnskapar om det japanske samfunnet og om korleis det har utvikla seg til ein moderne nasjon.
Læringsutbyte/resultat
Studiet gir breie kunnskapar i realia (geografi, historiske epokar), og forståing for Japans kulturelle verdigrunnlag og historiske utvikling. Det blir kasta lys over ulike sider ved det moderne samfunnet, som utdanning, arbeidsliv, religiøsitet, familieproblematikk, minoritetar og tilhøvet til nabostatane.
For dei som studerer det japanske språket, er dette emnet ei hjelp til å setja språket inn i ein vidare samanheng.
JAP101 eller tilsvarande er obligatorisk i ei spesialisering i japansk ved UiB.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisning og omfang
Undervisninga blir gitt i form av førelesingar, studentpresentasjonar og bruk av multimedia. 3 timer per veke i 12 veker.
Obligatoriske arbeidskrav
For å få gå opp til eksamen, skal studenten halde ein munnleg presentasjon om eit godkjend emne med støtteark eller liknande for medstudentar. Presentasjonen blir vurdert som godkjend / ikkje godkjend.
Vurderingsformer
4 timar skriftleg eksamen. Eksamen blir arrangert i semester med undervisning, men moglegheit for å ta ny eksamen i det påfølgjande semesteret.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
850 -1000 sider pensum som omfattar japansk samfunn, historie, religion, filosofi, språk og kultur.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
studierettleiar@if.uib.no eller studieveileder@if.uib.no