Japansk språk 1: Introduksjon til eit annleis språk
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Annakvar vår (partalsår) |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Studentane skal få ei forståing av språksystemet og lære grunnleggjande grammatikk, vokabular, dei to stavingssystema og om lag 150 kinesiske teikn. Hovudvekta ligg på normalt formelt språk, men uformelle former blir også introdusert. Studentane skal og få oppøving i munnleg dugleik, og parallelt med språkinnlæringa får dei grunnleggjande kulturell innsikt og kjennskap til daglegliv og skikkar.
Studentane skal få eit språkleg nivå tilsvarande Japanese Language Proficiency Test, nivå 4.
Kontaktinformasjon
studierettleiar@if.uib.no ellerstudieveilder@if.uib.no
Undervisningssemester
Annakvar vår (partalsår)
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
Mål og innhald
Målet er å gi ein teoretisk og praktisk introduksjon til det japanske språket med vekt på grammatikk, vokabular og skriftteikn.
Læringsutbyte/resultat
Studentane skal få ei forståing av språksystemet og lære grunnleggjande grammatikk, vokabular, dei to stavingssystema og om lag 150 kinesiske teikn. Hovudvekta ligg på normalt formelt språk, men uformelle former blir også introdusert. Studentane skal og få oppøving i munnleg dugleik, og parallelt med språkinnlæringa får dei grunnleggjande kulturell innsikt og kjennskap til daglegliv og skikkar.
Studentane skal få eit språkleg nivå tilsvarande Japanese Language Proficiency Test, nivå 4.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisning og omfang
Undervisninga vil bli gitt i form av forelesingar og gruppearbeid. 4 timar forelesing og 2 timar samtalegrupper i veka i 12 veker.
Obligatoriske arbeidskrav
Dette emnet har jamlege obligatoriske heimeoppgåver. For å kunna gå opp til eksamen må studenten levera inn desse oppgåvene og få godkjend 75 prosent av dei.
I tillegg blir det arrangert korte, skriftlege testar kvar månad, og studentane må ha greidd minst 3 av desse for å kunne ta eksamen i emnet.
Det er obligatorisk oppmøte i samtalegruppene.
Samla godkjende arbeidskrav er gyldige i eitt semester utover undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen på 3 timar i lesedugleik, grammatikk og skrivedugleik.
Eksamen blir arrangert i semester med undervisning, med moglegheit for å ta ny eksamen i det påfølgjande semesteret.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Pensum består av ei innføringsbok i japansk med tilhøyrande arbeidsbok og cd-ar. Verket inneheld dialogtekstar, grammatikkforklaringar, vokabular, øvingar og skriftteikn.
Det blir utarbeidd ei liste over tilrådd tilleggslitteratur (grammatikkbøker, oppslagsverk og øvingar på Internett).
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
studierettleiar@if.uib.no ellerstudieveilder@if.uib.no