Gå til innhold
English A A A
Emne JUS121

Norske og internasjonale rettslege institusjonar

Undervisningsperiode :

Emnet tilbys av

Studiepoeng 17
Undervisningssemester Undervisningen starter i slutten av høstsemesteret, hovedtyngden av kurset går i vårsemesteret
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Norsk

Læringsutbyte

Kurset handlar om dei viktigaste rettslege institusjonane, nasjonalt og internasjonalt. Når kurset er gjennomført skal studentane kunna gjera greie for det dynamiske samspelet mellom statsmaktene og mellom nasjonal og internasjonal rett og korleis dette verkar inn på utforminga av og tolkinga av retten. Ein skal også kunna reflektera over samspelet mellom makt, politikk og rett.

Studentane skal både i skriftleg og munnleg form kunna drøfta teoretiske og praktiske rettsspørsmål innanfor føljande emneområde:

1) Eit hovudemne er dei grunnleggjande norske rettsreglane om staten og dei sentrale statsmaktene.

Når kurset er gjennomført skal studentane kunna gjera greie for forholdet mellom statsmaktene og dei konstitusjonelle prinsippa som regulerer dette, særleg parlamentarismen. På denne bakgrunnen skal ein kunna gjera greie for rettskjeldene i statsforfatningsretten og bruka desse på ein metodisk medviten måte.

Studentane skal særleg kunna gjera greie for og ta stilling til rettsspørsmål som gjeld:

  • Stortinget sin kompetanse når det gjeld lovgiving, løyvingar og skattlegging.
  • Regjeringa sine oppgåver og generelle kompetanse, samt regjeringa sin særlege kompetanse når det gjeld utanriksstyre.
  • Prinsippet om domstolane si uavhengige stilling.

2) Eit anna hovudemne er reglane i folkeretten om forholdet mellom statar og om mellomstatlege organisasjonar.

Når kurset er gjennomført skal studentane kunna gjera greie for og gjera bruk av dei viktigaste rettskjeldene i folkeretten. Studentane skal også kunna gjera greie for hovudprinsippa for folkeretten si stilling i norsk rett, og kunna bruka desse i rettsleg problemløysing.

  • Kva som kjenneteiknar ein stat og reglane om statsterritorium og jurisdiksjon.
  • Reglane om inngåing og tolking av traktatar
  • Reglane om statleg maktbruk og intervensjon.
  • Tvisteløysing ved den internasjonale domstolen.
  • Dei føremåla og prinsippa som FN byggjer på, samt kompetansen til Tryggingsrådet.

3) Eit tredje hovudemne er dei rettslege institusjonane og regeldanninga innanfor den europeiske unionen (EU) og det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS).

Når kurset er gjennomført skal studentane kunna gjera greie for det folkerettslege grunnlaget for EU-samarbeidet og dei sentrale EU-institusjonane sine oppgåver og kompetanse. Dei skal også kunna gjera greie for lovgivingsprosessene innanfor EU.

Studentane skal vidare kunna gjera greie for hovudtrekka ved EØS-avtalen og institusjonane innanfor EØS-samarbeidet. Dei skal også kunna gjera greie for lovgivingsprosessen innanfor EØS, fram til EU-reglar vert ein del av norsk rett, og visa kjennskap til overvakingssystemet innanfor EØS.

Kontaktinformasjon

Kursansvarlig: førsteamanuensis Christian Franklin

Administrativt ansvarlig: førstekonsulent Anne Torekoven: Anne.Torekoven@jurfa.uib.no

Undervisningssemester

Undervisningen starter i slutten av høstsemesteret, hovedtyngden av kurset går i vårsemesteret

Undervisningsspråk

Norsk

Krav til studierett

MAJUR

Læringsutbyte/resultat

Undervisning og omfang

Førelesningar og grupper

Obligatoriske arbeidskrav

1. Gruppemøter, oppgåveskriving og kommentering er obligatorisk. Utrekninga av deltakinga blir gjort som fastsett i ¿Retningslinjer for utregning av obligatorisk deltakelse.¿

2. For alle skriftlege arbeid som skal reknas med i obligatoriske arbeidskrav, gjeld at heile oppgåva skal svarast på og må fylle dei kvalitative og kvantitative minstekrava som er fastsett i «Krav til skriftlige arbeider på masterstudiet i rettsvitenskap».

3. I løpet av kurset skal ei obligatorisk oppgåve besvarast og leverast inn. Tidsramma vert angitt i kurset. Oppgåva må vere godkjend før studenten kan avleggje avsluttande eksamen i emnet.4 .Kvar student skal på eit storgruppemøte delta med ein munnleg presentasjon av ei oppgåve (vanlegvis gruppearbeid). Dette er ein føresetnad for å kunna gå opp til den avsluttande prøven.

5. Underkjende elemente i dei obligatoriske arbeidskrava kan ikkje gjentakast før ved neste kurs.

6. Kursgodkjenning vert ikkje forelda.

Vurderingsformer

Etter kurset skal studentane avleggje ein 4 timars skuleeksamen.

Eksamensspråk

Oppgaven: Norsk

Besvarelsen: Norsk/skandinavisk/engelsk

Tillatne hjelpemiddel til eksamen

Sjå § 3-5 i Utfyllende regler for studier ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen: http://www.uib.no/jur/utdanning/reglement-og-prosedyrer/reglement-i-utdanningssaker-ved-det-juridiske-fakultet/utfyllende-regler-for-studier-ved-det-juridiske-fakultet-universitetet-i-bergen

NB! På denne eksamenen kan ein i tillegg ha ei (ekstra) engelsk/norsk-norsk/engelsk ordbok (eitt bind)

Særreglar om ordbøker

  • Ein kan iht. studiereglementet ha med seg ei rettskrivingsordliste eller ordbok. Merk at ordbøker som til dømes inneheld både norsk-engelsk og engelsk-norsk vert rekna som ei ordbok.
  • Ordbøker som er til/frå dei same to språka, til dømes norsk-engelsk/engelsk-norsk, i to fysiske bind vert rekna som ei ordbok. Disse kan ha ulik utgjevar og/eller være ulike utgåver. 
  • Kombinasjonar som utgjer meir enn to fysiske bind er ikkje tillat.

Karakterskala

Ved sensur av emnet benyttes karakterskalaen A til E for bestått og F for ikke bestått

Læremiddelomtale

Undervisningsstad

Det juridiske fakultet, Bergen

Emneevaluering

I henhold til retningslinjer for evaluering av emner ved Det juridiske fakultet.