Rettshistorie og komparativ rett
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 10 |
| Undervisningssemester | Vår |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Læringsutbyte
Føremålet med JUS134 Rettshistorie og komparativ rett å
(I) verta i stand til å analysera, forklara og diskutera korleis ein rettskultur er sett saman av dei rettskulturelle faktorane konfliktløysing, normproduksjon, rettferdsideal, juridisk metode, profesjonalisering og internasjonalisering. Vidare å
(II) verta i stand til å analysera, forklara og diskutera karakteren av desse rettskulturelle faktorane i den norske, engelske, amerikanske, franske og tyske rettskulturen. Og
(III) å kunna analysera, forklara og diskutera både historiske og no pågåande endringar i desse rettskulturelle faktorane, og relatera desse endringane til retten sine ulike nivå.
Kontaktinformasjon
Kursansvarlig: professor Jørn Øyrehagen Sunde
Administrativt ansvarlig: førstekonsulent Nina B. Strandbakken (Nina.Berstad@jurfa.uib.no)
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til studierett
MAJUR
Mål og innhald
I JUS134 Rettshistorie og komparativ rett skal studentane
(1) få kunnskap om kva ein rettskultur er, og korleis den vert forma og omdanna gjennom møte med rettskulturelt gods frå andre rettskulturar. Det vil vera ein særleg fokus på dei 6 rettskulturelle komponentane konfliktløysing, normproduksjon, rettferdsideal, juridisk metode, profesjonalisering og internasjonalisering. Deretter skal studentane
(2) få kunnskap om det historiske grunnlaget for den norske rettskulturen gjennom å studera norsk rettshistorie i eit europeisk perspektiv. Igjen vil dei 6 rettskulturelle komponentane stå i sentrum Deretter skal studentane
(3) få kunnskap om den engelske, amerikanske, tyske og franske rettskulturen når det særleg gjeld særleg dei 6 rettskulturelle komponentane.
Kunnskap om konfliktløysing, normproduksjon, rettferdsideal, juridisk metode, profesjonalisering og internasjonalisering skal studentane tileigna seg gjennom følgjande spesifikke tema handsama i pensumlitteraturen:
(1) Rettskultur
- Rett som kultur
- Danning av, og møtet mellom rettskulturar
- Rettskultur og parallelle rettssystem
- Rettskultur og resepsjon av rett
- Ein rettskultur sine ulike nivå etter Kaarlo Tuori sin modell
(2) Den norske rettskulturen si historie i eit europeisk perspektiv
- Normskaping gjennom rettspraksis, og framveksten av en rikslovgjeving i Europa og Noreg i høgmellomalderen
- Rettsstudiet på europeiske universitet frå 1100-tallet, og korleis dette påverka den norske rettskulturen i høgmellomalderen, særleg når det gjeld metodetenking.
- Kva romarretten og kanonisk rett har hatt å seia for utviklinga av en felleseuropeisk rettskultur, ein ius commune
- Rettskjeldelærer og rettferdsideal i norsk og europeisk mellomalder
- Den rasjonalistiske naturretten i europeisk og dansknorsk rettshistorie, og det dansknorske juridiske embetsstudiet av 1736 i høve til dette
- Naturrettsbaserte rettskjeldelærer og universalisme på 1700-tallet, og sedvanebaserte nasjonale rettskjeldelærer på 1800-tallet, samt utviklinga av den særlige norske rettsrealismen
- Den deduktive metoden og det denne fekk å seia for rettspraksis frå 1700-tallet, og europeisk lovgjeving frå 1800-tallet, og så særleg framveksten av det forutbereknelege som rettferdsideal
- Det internasjonale inspirasjonsgrunnlaget for endringar av den norske rettskulturen etter mellomalderen
(3) Komparativ rett - den engelske, amerikanske, franske og tyske rettskulturen
- Karakteristika ved og skiljet mellom common law- og civil law-tradisjonane
- Den engelske rettskulturen, og særleg praksis si rolle i den
- Den amerikanske rettskulturen, og særleg det føderale si rolle i den
- Den franske rettskulturen, og særleg lovgjevinga si rolle i den
- Den tyske rettskulturen, og særleg metoden si rolle i den
- Dei utfordringar EF-retten og Dei europeiske menneskerettane stiller den engelske, franske og tyske rettskulturane ovanfor
Læringsutbyte/resultat
Føremålet med JUS134 Rettshistorie og komparativ rett å
(I) verta i stand til å analysera, forklara og diskutera korleis ein rettskultur er sett saman av dei rettskulturelle faktorane konfliktløysing, normproduksjon, rettferdsideal, juridisk metode, profesjonalisering og internasjonalisering. Vidare å
(II) verta i stand til å analysera, forklara og diskutera karakteren av desse rettskulturelle faktorane i den norske, engelske, amerikanske, franske og tyske rettskulturen. Og
(III) å kunna analysera, forklara og diskutera både historiske og no pågåande endringar i desse rettskulturelle faktorane, og relatera desse endringane til retten sine ulike nivå.
Undervisning og omfang
Førelesingar og grupper
Obligatoriske arbeidskrav
1. Gruppemøte, oppgåveskriving og kommentering er obligatorisk. Utrekninga av deltakinga blir gjort som fastsett i "Retningslinjer for utregning av obligatorisk deltakelse".
2. Underkjende element i dei obligatoriske arbeidskrava kan ikkje tas om att før ved neste kurs.
3. Kursgodkjenning eldast ikkje.
Kvar student skal i løpet av JUS134: Rettshistorie og komparativ rett levera 3 obligatoriske arbeidsgruppeoppgåver til godkjenning. Følgjande krav må vera innfridd for at oppgåvene skal verta godkjent:
- Oppgåva må vera på minst 700 ord og maksimum 1500 ord.
- Oppgåva skal vera eit svar på spørsmålet i den grad at oppgåve ville ha vore kvalifisert til ståkarakter på eksamen.
- Oppgåva skal vera ein ferdig tekst, og ikkje ei samling stikkord eller ufullstendige setningar.
Kvar student skal i løpet av JUS134: Rettshistorie og komparativ rett kommentera 2 x 3 arbeidsgruppeoppgåver skrivne av andre medlemmar av arbeidsgruppa. Følgjande krav må vera innfridd for at kommenteringa skal verta godkjent:
- Dei samla kommentarane til kvar av dei 6 oppgåvene skal innehalda minst 4 substansielle kommentarar. Med ein substansiell kommentar vert det forstått kommentarar som drøftar innhald og/eller framstilling med fullstendige setningar, og som er eigna til å gje rettleiing.
Dersom storgruppeleiar er i tvil om krava til arbeidsgruppeoppgåve eller kommentarar er oppfylt, skal vedkomande oversenda materialet til den fagansvarlege som skal treffa skriftleg grunngjeve vedtak. Den aktuelle student vil deretter verta kontakta av den administrativt ansvarlege for 3. studieåret før neste storgruppesamling, som opplyser om vedtaket. Det skriftlege vedtaket skal deretter tilgjengeleg for studenten ved personleg overlevering, som vedlegg til skjermbrev, eller ved postsending.
Vurderingsformer
Etter kurset vert det avlagt ein heimeeksamen. Oppgåvene skal leverast elektronisk via Kark. Ordgrensa er sett til 5000 ord.
Karakterskala
Ved sensur av emnet benyttes karakterskalaen A til E for bestått og F for ikke bestått
Undervisningsstad
Det juridiske fakultet, Bergen
Emneevaluering
I henhold til retningslinjer for evaluering av emner ved Det juridiske fakultet.
Kontaktinformasjon
Kursansvarlig: professor Jørn Øyrehagen Sunde
Administrativt ansvarlig: førstekonsulent Nina B. Strandbakken (Nina.Berstad@jurfa.uib.no)