Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Rettshistorie og komparativ rett med særskild fokus på kinesisk rettskultur

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeJUS134-KINA
  • Talet på semester1
  • Språk

    Hovuddelen av litteratur og undervisning i Norge vil vera på norsk. Større eller mindre innslag av andre skandinaviske språk og/eller engelsk må påreknast.

    Undervisninga og litteraturen i Kina vil vera på engelsk.

  • Ressursar

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår

Emnet har plass til inntil 15 studentar. Plassane på JUS134-Kina blir tildelte slik:

5 plassar blir tildelte til søkjarane med best karaktersnitt i emna som er avlagt i masterprogrammet i rettsvitskap på tidspunktet for søknad om deltaking i JUS134-KINA.

Inntil 5 plassar på særskilt grunnlag, sjå under her.

Resten av plassane vert tildelte etter loddtrekning mellom søkarane.

Særskilt grunnlag: Inntil 5 av plassane kan tildelast til studentar som kan dokumentera tidlegare erfaring frå Kina eller ei særleg interesse for Kina og kinesisk rett. For å kunna bli tildelt plass på særskilt grunnlag, må studentane enten ha kinesisk språkkompetanse på eit visst nivå, eller dei må ha formalkompetanse om kinesisk kultur, historie, eller samfunnsliv. Erfaring frå Kina i form av lengre opphald i landet kan også vera tilstrekkeleg.

Søknadsfrist og nærare informasjon blir kunngjort i MittUiB.

Undervisningsstad

Det juridiske fakultet i Bergen og Renmin University Law School i Beijing.

Mål og innhald

Føremålet med emnet JUS134-Kina er å sette studentane:

(i) i stand til å analysera, forklara og diskutera korleis ein rettskultur er sett saman av dei rettskulturelle faktorane konfliktløysing, normproduksjon, rettferdsideal, juridisk metode, profesjonalisering og internasjonalisering.

(ii) i stand til å analysera, forklara og diskutera karakteren av desse rettskulturelle faktorane i den norske rettshistoria og gjeldande rettskulturen, og i den kinesiske rettskulturen.

(iii) i stand til å analysera, forklara og diskutera både historiske og pågåande endringar i desse rettskulturelle faktorane, og å relatera desse endringane til retten sine ulike nivå.

Læringsutbyte

KUNNSKAP

I JUS134-Kina skal studentane (1) kunna demonstrera kunnskap om kva ein rettskultur er, og korleis den vert forma og omdanna gjennom møte med rettskulturelt gods frå andre rettskulturar. Det vil vera ein særleg fokus på dei seks rettskulturelle strukturane konfliktløysing, normproduksjon, rettferdsideal, juridisk metode, profesjonalisering og internasjonalisering. Deretter skal studentane (2) få kunnskap om det historiske grunnlaget for den norske rettskulturen gjennom å studera norsk rettshistorie i eit europeisk perspektiv. Igjen vil dei seks rettskulturelle strukturane stå i sentrum. Deretter skal studentane (3) få kunnskap om den gjeldande norske og kinesiske rettskulturen når det særleg gjeld dei seks rettskulturelle strukturane.

Kunnskap om konfliktløysing, normproduksjon, rettferdsideal, juridisk metode, profesjonalisering og internasjonalisering skal studentane tileigna seg gjennom følgjande spesifikke tema handsama i kurslitteraturen:

 

(1) Rettskultur

- Rett som kultur og den rettskulturelle modellen

- Danning av, og møtet mellom rettskulturar

- Rettskultur og resepsjon av rett, og særleg det rettskulturelle filter

- Ein rettskultur sine ulike nivå etter Kaarlo Tuori sin modell

 

(2) Den norske rettskulturen si historie i eit europeisk perspektiv

- Normskaping gjennom rettspraksis, og framveksten av ei rikslovgjeving i Europa og Noreg i høgmellomalderen

- Rettsstudiet på europeiske universitet frå 1100-tallet, og korleis dette påverka den norske rettskulturen i høgmellomalderen, særleg når det gjeld metodetenking.

- Kva romarretten og kanonisk rett har hatt å seia for utviklinga av ein felleseuropeisk rettskultur, ein ius commune

- Rettskjeldelærer og rettferdsideal i norsk og europeisk mellomalder

- Den rasjonalistiske naturretten i europeisk og dansknorsk rettshistorie, og det dansknorske juridiske embetsstudiet av 1736 i høve til dette

- Naturrettsbaserte rettskjeldelærer og universalisme på 1700-tallet, og sedvanebaserte nasjonale rettskjeldelærer på 1800-tallet, samt utviklinga av den særlige norske rettsrealismen

- Den deduktive metoden og det denne fekk å seia for rettspraksis frå 1700-tallet, og europeisk lovgjeving frå 1800-tallet, og så særleg framveksten av det forutbereknelege som rettferdsideal

- Det internasjonale inspirasjonsgrunnlaget for endringar av den norske rettskulturen etter mellomalderen

 

(3) Komparativ rett: den kinesiske rettskulturen

- Ein viss kunnskap om karakteristika ved og skiljet mellom common law- og civil law-tradisjonane

- Den kinesiske rettskulturen studert gjennom den rettskulturelle modellen

 

DUGLEIK

Studentane skal gjennom JUS134-Kina opparbeida seg evne til å bruka kunnskapen slik at dei kan (I) forklara og diskutera korleis ein rettskultur er sett saman av dei rettskulturelle faktorane konfliktløysing, normproduksjon, rettferdsideal, juridisk metode, profesjonalisering og internasjonalisering. Vidare skal dei (II) verta i stand til å forklara og diskutera karakteren av desse rettskulturelle faktorane i den norske rettshistoria og den kinesiske rettskulturen. Og (III) dei skal kunna forklara og diskutera både historiske og pågåande endringar i desse rettskulturelle faktorane, og relatera desse endringane til retten sine ulike nivå.

 

GENERELL KOMPETANSE

Etter gjennomført kurs, skal studentane vera i stand til å finna og bruka gjeldande rett i ein periode med rettsleg internasjonalisering der rettskulturell innsikt, tufta på rettshistorisk og komparativ kunnskap, har vorte ein del av juridisk metode som forståingsreiskapar når ein handsamar norsk rett produsert innanfor norske jurisdiksjonsgrenser, norsk rett produsert innan norske jurisdiksjonsgrenser, men med utgangspunkt i rettskjelder produsert utanfor, og norsk rett produsert utanfor norske jurisdiksjonsgrenser.

Krav til forkunnskapar

Karaktersnitt på C eller betre i emna som er avlagt i masterprogrammet i rettsvitskap på tidspunktet for søknad om deltaking i JUS134-Kina.

Det kreves at alle emnene i tidligere studieår er bestått, se «Rekkefølgje for emne i studiet» i Studieplan for integrert masterprogram i rettsvitenskap ved Det juridiske fakultet i Bergen. Se likevel § 2-5 i Utfyllende regler for studier ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen.

Krav til studierett

MAJUR

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

 

  • Førelesingar i Bergen før avreise til Beijing
  • Førelesingar, oppgåveskriving og besøk til relevante institusjonar og bedrifter i Beijing
  • Kvar student kan levera ei arbeidsgruppeoppgåve til godkjenning og kommentering, og sjølv kommentera oppgåva til ein eller fleire av medstudentane.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1. Deltaking på førelesingane i JUS134 om norsk rettshistorie og om rettskultur haldne ved Det juridiske fakultet i Bergen, og på førelesingane som inngår i Chinese Law Summer Program ved Renmin University of China Law School i Beijing.

Kravet er 75 % deltaking. Retningslinjer for utrekning av obligatorisk deltaking gjeld så langt dei passar. På førelesningane ved UiB vert det lagt ut lister som studentane signerer på for å få registrert oppmøte.

2. Godkjende refleksjonsnotat levert ved Renmin University of China Law School:

Det skal skrivast tre refleksjonsnotat i løpet av opphaldet i Beijing. Notata vert underlagt ei samla vurdering (Godkjent/Ikkje godkjent). Rettleiande omfang på kvart notat er 4-6 sider (12 punkt skrift, halvannan linjeavstand, 2,5 cm marg).

3. Underkjend kurs kan ikkje takast opp, ein vert i staden vist til JUS134 påfølgjande år. Dei særskilde delane knytt til JUS134-KINA kan altså ikkje takast opp.

4. Kursgodkjenning eldast ikkje.

Vurderingsformer

Obligatoriske undervisningsaktivitetar er vilkår for å gå opp til eksamen, og inngår følgeleg i sertifiseringsgrunnlaget.

Heimeeksamen ved Det juridiske fakultet i Bergen. Eksamenskravet gjeld læringsutbyteskildringa knytt til rettskultur og norsk rettshistorie i eit europeisk perspektiv.

Oppgåva skal leverast i Inspera. Ordgrensa er sett til 2500 ord. Studentane vil ikkje ha undervisning i Beijing medan heimeeksamen pågår.

Karakterskala

A til E for greidd og F for ikkje greidd.

Fagleg overlapp

JUS134-Kina overlappar med emnet JUS134, og ein må velje eitt av desse to emna. Med omsyn til gjentak, er JUS134-Kina og JUS134 rekna som eitt emne.

Emneevaluering

I samsvar med retningsliner for evaluering av emne ved Det juridiske fakultet.

Programansvarleg

Studieutvalget har programansvaret for fakultetets studietilbud.

Emneansvarleg

Professor Søren Koch.

Kontakt

Kontaktinformasjon

 

Kursansvarlig: professor Søren Koch

Administrativt ansvarlig: 3.studiear@jurfa.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslettet kan bli endret frem til 14 dager før eksamen. Sted for eksamen vil bli publisert 14 dager før.

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Innleveringsfrist
    13.06.2018, 18:00
    Trekkfrist
    29.05.2018
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
  • Vurderingsordning: Hjemmeeksamen og fullført CLSP ved Renmin University

    Trekkfrist
    29.05.2018
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    • Klokkeslettet kan bli endret frem til 14 dager før eksamen. Sted for eksamen vil bli publisert 14 dager før.

    • Eksamensdel: Heimeeksamen

      Innleveringsfrist
      13.06.2018, 18:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Fullført CLSP ved Renmin University