Gå til innhold
English A A A
Emne KIN622

Kinesisk språk 2

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Undervisninga strekk seg over to semester, med oppstart om hausten og eksamen om våren.
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Engelsk

Krav til forkunnskapar

KIN621/KIN101 eller tilsvarande kunnskapar.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane kunne lese og skrive enkle tekstar, og føre samtalar om daglegdagse tema på mandarin.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no

Undervisningssemester

Undervisninga strekk seg over to semester, med oppstart om hausten og eksamen om våren.

Undervisningsspråk

Engelsk

Studienivå

Bachelor, 100-nivå.

Mål og innhald

Dette er eit tilbod til studentar som ønskjer vidaregåande innføring i moderne mandarin.
Studentane skal tileigne seg praktisk dugleik i moderne mandarin, både skriftleg og munnleg. Dei skal tileigne seg eit utvida vokabular og eit visst tal skriftteikn. Emnet gir og ein praktisk gjennomgang av grunntrekka i grammatikken.

Læringsutbyte/resultat

Etter fullført emne skal studentane kunne lese og skrive enkle tekstar, og føre samtalar om daglegdagse tema på mandarin.

Krav til forkunnskapar

KIN621/KIN101 eller tilsvarande kunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

God dugleik i engelsk.

Undervisning og omfang

Undervisninga vil bli gitt i form av førelesingar og gruppearbeid.

Obligatoriske arbeidskrav

Dette kurset har jamlege obligatoriske heimeoppgåver. For å kunna gå opp til eksamen må studenten levera inn desse oppgåvene og få godkjend 75 prosent av dei.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen på tre timar, med justerande munnleg. Eksamen blir arrangert om våren, etter to semester med undervisning. Det er moglegheit for å ta eksamen i følgjande haustsemester.
For å kunne ta eksamen om hausten, må dei obligatoriske oppgåvene vere godkjend i undervisningssemestra.

Karakterskala

Det vert nytta karakterskala gradert frå A til F.

Læremiddelomtale

Tekstbok for nybyrjarar med tilhøyrande arbeidsbok, og multimedia-verkty.

Undervisningssted

Universitetet i Bergen

Emneevaluering

I samband med instituttet sitt arbeid for å betre studiet blir kursets studieopplegg jamt evaluert, m.a. ut frå tilbakemeldingar frå studentane.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no