Grunnstoffenes kjemi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi et grunnleggande introduksjon til uorganisk kjemi. Emnet omhandlar grunnstoffa sine kjemiske eigenskapar og korleis dei er plassert i Det periodiske system. Typiske trekk og slektskapsforhold mellom grunnstoffa og deira kjemiske sambindingar er vektlagt. Vidare inngår oppbygging og eigenskapar til sambindingane, mellom anna bindingsforhold mellom atom i molekyl, metall, salt og mineral. I emnet inngår rolla uorganiske sambindingar har i miljø og industri samt metalliona si naturlege rolle i biologiske system.

 

 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten

  • har brei kunnskap om grunnleggjande uorganisk kjemi, spesielt samanhengen mellom atoma sin elektronstruktur, plassering i Det periodiske system og forventa eigenskapar åleine eller i sambindingar.
  • kjenner til korleis elementa er funne i naturen, korleis dei er produsert og kva eit gitt element kan nyttast til.
  • kjenner til dei grunnleggjande og mest relevante sambindingar som vert danna av elementa, deira struktur og kjemiske og fysiske eigenskapar.

 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan forklare og samanlikne dei kjemiske og fysiske eigenskapane til elementa i det periodiske system og deira sambindingar.
  • kan knyte strukturen av ei uorganisk sambinding til sine eigenskapar.
  • kan diskutere elementa og deira sambindingar på basis av kjemiske bindingslære.
  • kan beskrive uorganisk kjemiske reaksjonar og sette opp tilsvarande balanserte reaksjonslikningar.
  • kan utleie namn frå formelen på kjemiske sambindingar og vise versa.

 

Generell kompetanse

Studenten

  • kan formidle dei sentrale innhaldet i faget både skriftleg og munnleg og ved hjelp av typiske uttrykksformer i faget (f.eks. kjemiske reaksjonslikningar og strukturteikningar).
  • kan identifisere og assimilere relevant kunnskap fra undervisningsmaterialet gjennom førelesningar, gruppearbeid og på egen hand.

 

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
K102: 10 stp
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Arbeids- og undervisningsformer

Forelesninger, 4 timer i uken i 14-15 uker.

Kollokvier, 2 timer i uken i 12 uker.

Oppgaveløsing (digitalt innlevering), 6 à ~40 minutter

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk deltaking på minst 8 kollokvium.

Godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet er gyldig i 5 påfølgande semester etter godkjenninga


Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Midtsemestervurdering (2 timar). Utgjer 30% av karaktergrunnlaget.
  • Skriftleg digital slutteksamen (4 timar). Utgjer 70% av karaktergrunnlaget

Utfyllande eksamensregler:

1. Midtsemestervurdering er gyldige i 1 påfølgande semester.

2. I semester med undervisning:

Studentar med godkjend obligatoriske undervisningsaktivitet frå tidlegare semester skal gå opp til midtsemestervurdering og avsluttande eksamen.

3. I semester utan undervisning:

a) Studentar med godkjend obligatorisk innlevering kan ta avsluttande eksamen, som då utgjer heile karaktergrunnlaget.

b) Studentar utan godkjend obligatorisk innlevering frå tidlegare kan ikkje avleggje eksamen.

Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

 

Oversikt over tidegare emneevalueringar:

kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31

Hjelpemiddel til eksamen
  • Periodesystemet i samsvar med versjonen lastet opp til MittUiB (kan printes ut og tas med på begge eksamensdagene)
  • Enkel kalkulator tillatt, i samsvar med modeller angitt i fakultetets regler